EVN1011 Tekniske utfordringar som maritim næring står overfor
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
15 undervisningstimar med heimeoppgåver (enkle) og moglegheit for å ta eksamen
1. bolk, 2 timar:
- Gjennomgang av metodar for risikoanalyser
- Evaluering av tryggleiken knytta til dei nye utfordringane (personelloverføring, søk og redning, redningsutstyr, miljøskade)
- Heimeoppgåve
2. bolk, 2 timar:
- Regulære og irregulære bølgjer
- Rørsle av moderne fartøy
- Heimeoppgåve
3. bolk, 2 timar:
- Vurdering av drivstoff ein skal velgje for moderne fartøy
- Korleis dekkje behov for kompetanse for å operere moderne fartøy, innhald i aktuelle kurs
- Heimeoppgåve
4. bolk, 2 timar:
- Offshore vind og rørsler av vindkraftanlegg
- Krav til og gjennomføring av konstruksjon og installasjon av offshore vindkraftanlegg
- Heimeoppgåve
5. bolk, 2 timar:
- Dimensjonering av havmerder
- Dimensjonering versus operasjon av havmerder langt til havs
- Heimeoppgåve
6. bolk, 2 timar:
- Polar Code for operasjon i polare strøk
- Søk og redning i polare strøk
- Heimeoppgåve
7. bolk, 3 timar:
- Gjennomgang av sikring av verdiar (cybersikring i praksis, brann og grunnstøyting, forsikringsselskapa si rolle)
- Korleis vil styresmaktene følgje opp dei nye utfordringane som maritim næring står ovanfor
- Oppsummering av kurset
Læringsutbytte
Kunnskap Studentane skal ha kunnskap om dei utfordringane som vert stilte til maritim næring med omsyn til miljø og klima slik at dei kan bidra til å ta avgjerder innan tekniske aktiviteter som er relevante.
Ferdigheiter Studentane skal ha tilstrekkeleg med kunnskaper slik at dei kan delta i ein faktabasert diskusjon om tekniske utfordringar innan temaet.
Generell kompetanse Studentane skal ha generell kompetanse til å forstå dei tekniske utfordringane som vert stilte til maritim næring med omsyn til miljø og klima.
Krav til forkunnskapar
Generell studiekompetanse med vekt på realfag / tekniske fag.
Undervisnings- og læringsformer
Undervisning består av webinar. Det vil vere forelesingar der studentane kan stille spørsmål og få svar direkte. I tillegg vil det vere interaksjon i felles forum på digital læringsplattform og éin-til-éin kommunikasjon. Enkle heimeoppgåver som diskuterast i klassen.
Obligatorisk læringsaktivitet
Studenten får diplom for deltaking om tilfredsstillande svar er gitt på tre heimeoppgaver. For å gå opp til eksamen må også det også vere gitt tilfredsstillande svar på tre heimeoppgaver.
Vurderingsform
Skriftleg individuell heimeeksamen (ikkje obligatorisk) - 4 timar
Karakterskala: bestått / ikkje bestått
Det blir utskrive kursbevis til dei som ikkje tek eksamen dersom dei får godkjent tre heimeoppgåver.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemidlar kan nyttast. Det skal ikkje kopierast frå nettet, og det skal ikkje vere samarbeid mellom kandidatane.
Meir om hjelpemiddel