Hopp til innhald

FE405 Grunnleggjande energikonsept

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Kurset startar med ei innføring i nasjonal- og global energiproduksjon og -bruk. Deretter vert det gjeve ei oversikt over ressursgrunnlaget for fornybare og ikkje-fornybare energiressursar samt ei innføring i berekraftig utvikling, klima og miljø. Kurset gir vidare ei innføring i oppbygging av energisystemet, systemet sine tekniske komponentar og dei konsekvensar energisystemet har for samfunn og miljø. Kurset vil leggja vekt på systemtenking, og visa at fornybare energiløysingar er avhengige av kontekst. For dette formålet vil ulike energisystemtilnærmingar som er implementerte i spesifikke land eller regionar bli drøfta og vurderte ut frå deira evne til å bli overført til andre kontekstar.

Læringsutbytte

Kunnskap

  • Studenten vil utvikla kunnskap om global og nasjonal energiproduksjon og bruk.
  • Studenten vil utvikla kunnskap om globalt og nasjonalt ressursgrunnlag for fornybar og ikkje-fornybar energi.
  • Studenten vil utvikla kunnskap om oppbygging av energisystemet.
  • Studenten vil utvikla kunnskap om dei tekniske løysingane i energisystemet med hovudvekt på fornybar energi.
  • Studenten vil utvikla kunnskap om dei verknadane energiteknologiar og -system har på klima og miljø.

Ferdigheiter

  • Studenten vil kunna gjera greie for dei teknologiske, samfunnsmessige og miljømessige konsekvensane av produksjon og bruk av fornybar energi.
  • Studenten vil kunna vurdera kor gjennomførbare og effektive spesifikke fornybare energiløysingar er i ulike sosio-tekniske kontekstar.

Kompetanse

  • Studenten vil kunna gjennomføra vurderingar av ulike fornybare energiteknologiar sin status og modning.
  • Studenten vil kunna gjennomføra vurderingar av ulike teknologier sine konsekvenser for samfunn og miljø.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MA415

Undervisnings- og læringsformer

Forelesningar, gjesteforelesningar og øvingar.

Obligatorisk læringsaktivitet

ingen

Vurderingsform

1) Gruppeprosjekt med poster presentasjon (2-4 studentar), 60%

2) Skriftleg skuleeksamen, individuell fleirvalstest, 2 timar, 40%

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Eksamen del 1: Alle

Eksamen del 2: Enkel kalkulator (ikkje programmerbar)

Meir om hjelpemiddel