Hopp til innhald

FE408 Berekraftig energiomstilling

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Kurset handlar om berekraftig omstilling av samfunnet frå eit samfunnsmessig perspektiv, og kva som må til for at vi skal få til ei slik omstilling. Kurset ser på berekraftig omstilling med utgangspunkt i utfordringar knytt til økonomi, teknologi/samfunn og politikk. 

Læringsutbytte

Emnet skal gje innsikt i dei viktigaste miljømessige, sosiale, økonomiske, teknologiske og politiske føresetnadane for ei berekraftig omstilling av samfunnet.

Kunnskap

  • Studenten skal ha kunnskap om omgrep som berekraftig utvikling, innovasjon og omstilling.
  • Studenten skal ha kunnskap om korleis omgrepet berekraftig utvikling kan definerast, målast og brukast på globalt, nasjonalt og lokalt nivå.
  • Studenten skal ha kunnskap om FN sine berekraftsmål.
  • Studenten skal kjenne til sosiale, teknologiske og politiske vilkår for ei berekraftig omstilling av samfunnet.
  • Studenten skal kjenne til dei samfunnsøkonomiske argumenta for når og kvifor myndigheitene bør styre teknologisk innovasjon og kva verkemiddel myndigheitene kan ta i bruk.
  • Studenten skal ha kunnskap om dei viktigaste samfunnsøkonomiske argumenta for når myndigheitene bør bruke økonomiske verkemiddel som skatt og subsidiar for å styre den teknologiske utviklinga, og korleis desse bør utformast.

Ferdigheter

  • Studenten skal kunne gjere greie for omgrepet berekraftig utvikling.
  • Studenten skal kunne vurdere kravet til omstilling av ulike sektorar i samfunnet. 
  • Studenten skal kunne bidra med kunnskap til relevante aktørar om sentrale verkemiddel for å omstille samfunnet på ulike nivå.

Kompetanse

  • Studenten skal ha kompetanse om korleis samfunnet kan omstillast for å nå globale og nasjonale klima- og berekraftsmål, og samanlikne dette med historiske eksempel, med vekt på teknologisk endring.
  • Studenten skal kunne bruke sentrale omstillings- og innovasjonsteoriar for å forstå dei viktigaste teknologiske, sosiale, økonomiske og politiske føresetnadane for ei berekraftig omstilling av samfunnet.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

FE401, FE405, FE406, FE410 og FE411

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, gjesteforelesningar, gruppearbeid og øvingar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ingen.

Vurderingsform

Individuell prosjektoppgåve med justerande munnleg eksamen. Prosjektoppgåva må bestå av totalt 5000 ord +/- 10 % ekskludert referanseliste. 

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Dersom ein student stryk på prosjektoppgåva eller vil forbetre karakteren, må ny prosjektoppgåve leverast seinare. 

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel