Hopp til innhald

FE410 Teknologi, innovasjon og samfunn

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Emnet gir ei innføring i teknologiutvikling frå eit samfunnsvitskapleg perspektiv. Samfunnsmessige føresetnader for og implikasjonar av teknologiutvikling vert drøfta, med eit særleg fokus på innovasjonsprosessar og korleis innovasjon kan forståast og tilretteleggast for. Emnet gir slik ei innføring i innovasjonsteori og koplar dette til empiriske døme, eksempelvis ved å drøfte strategiar og modellar for innovasjon. Koplinga mellom teknologi og samfunn er sentral, og emnet går nærare inn i å forklare og forstå føresetnader for innovasjon. Emnet drøftar også positive og negative implikasjonar av teknologi og teknologiutvikling for nærings- og samfunnsutvikling.

Emnet fokuserer særleg på tema og døme som er relevante for fornybar energi.

Læringsutbytte

Hovudmålet med emnet er å auke kunnskapen om samspelet mellom teknologi, innovasjon og samfunn og å gi studentane ei betre forståing av korleis dette relaterer seg til tema som er relevante for fornybar energi.

Kunnskap

  • Studenten utviklar kunnskap om samspelet mellom teknologi og samfunn.
  • Studenten utviklar kunnskap om korleis ein kan analysere og forstå utvikling av (nye) fornybare energiteknologiar.
  • Studenten utviklar kunnskap om teoriar, omgrep og analytiske forståingar for innovasjon og teknologiutvikling.
  • Studenten utviklar kunnskap om korleis rammevilkår (eksempelvis innovasjons- og næringspolitikk) påverkar innovasjon generelt og innanfor fornybar energi spesielt.
  • Studenten utviklar kunnskap om tilrettelegging for innovasjon, eksempelvis verkemiddel for innovasjon og teknologiutvikling.

Ferdigheiter

  • Studenten evnar å nytte sentrale teoriar og omgrep på verkelegheitsnære problemstillingar/case.
  • Studenten evnar å argumentere og reflektere over sentrale tema knytt til teknologi, innovasjon og samfunn og korleis dette heng saman med fornybar energi.

Kompetanse

  • Studenten kan drøfte føresetnader, moglegheiter og utfordringar ved teknologiutvikling.
  • Studenten kan skrive sjølvstendige akademiske tekstar.  

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

FE401 og FE405

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, gjesteforelesingar, gruppearbeid, innleveringar og seminar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ei (1) skriftleg innlevering, og ein (1) muntleg presentasjon (i grupper) knytt til emnet sitt tema. To av to læringsaktivitetar må vere godkjent før ein kan gå opp til eksamen.

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 4 timar.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel