Hopp til innhald

FRIB200 Friluftsliv haust – fjord og fjell

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Gjennom teoretisk og praktisk undervisning skal studentane tileigne seg basiskunnskap om geologi, bre- og vegetasjonslære. I geologi og brelære blir det lagt vekt på landskapsutvikling og landformer i Norge, indre og ytre geologiske prosessar og kunnskap om brear og bretypar. I vegetasjonslæra blir det fokusert på kva som veks i dei ulike vegetasjonssonene i fjellet, samt kunnskap om enkelte planter, tre, lav og mosar. Friluftsliv si kulturhistorie frå fjord og fjell i regionen blir kopla saman med dei lokalitetane som blir nytta. I emnet ligg også Norges Padleforbund (NPF) sitt teknikkurs hav og Norsk Fjellsportforum (NF) sitt grunnkurs bre (modul 1).  

Ekskursjonar: 

  • Havkajakk (NPF teknikk-kurs), to dagar  
  • Naturkjennskap, to dagar  
  • Fjellferd, fem dagar  
  • Breundervisning (NF Grunnkurs bre, modul 1), fire dagar  

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:  

Kunnskapar  

Studenten

  • har kunnskap om sentrale landskapsformer i regionen og innsikt i ytre geologiske prosessar  
  • har kunnskap om karakteristiske planteartar og vegetasjonstypar i regionen  
  • har kunnskap om ulike økosystem i regionen  
  • har kunnskap om viktige mineral og bergartar  
  • har kunnskap om brelære  
  • har kunnskap om grunnleggande friluftsliv som kjenneteiknar nærmiljøet i regionen, t.d. i fjellet, på breen og på fjorden  
  • kan anvende kunnskap om fedsel i fjellet

 

Ferdigheiter  

Studenten

  • kan utføre god padleteknikk i havkajakk  
  • kan anvende/bruke grunnleggande ferdigheiter knytt til ferdsel på bre, som t.d: stegjernsteknikk og vegval på blåis, innbinding i taulag, samt kameratredning  
  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere fleire dagars vandretur med telt i fjellet  
  • kan beherske orientering, leirliv og utstyrslære knytt til overnatting i fjellet  

 

Generell kompetanse  

Studenten  

  • kan formidle kunnskap om natur og kultur med utgangspunkt i kor friluftsliv utøvast  
  • kan vurdere fare ved ferdsel knytt til havpadling, fjell- og brevandring og anvende sine kunnskaper og ferdigheter til trygg ferdsel

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Tilrådde forkunnskapar er å vere i god nok fysisk form til å kunne bere eige og felles utstyr på ekskursjonar med overnattingar på barmark og på snø. Gjennomført NPF Grunnkurs hav. 

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene i dette emnet nyttar i stor grad praktisk undervisning ute og ekskursjonar der teori blir integrert gjennom tileigning av praktisk erfaring. Turplanlegging og teori vil og formidlast gjennom førelesingar på campus. Gruppe- og individuelt arbeid inngår og som ein viktig del av emnet. Refleksjonsnotat blir brukt i samband med enkelte ekskursjonar.  

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:  

  • Aktiv deltaking på ekskursjonar (planlegging, gjennomføring og evaluering) 
  • Skriftleg gruppeinnlevering av turplan til fem dagars fjellferd  
  • To refleksjonanotat knytt til naturkjennskap og breundervisning  

 

Desse læringsaktivitetane er knytt opp mot læringsutbytta om sentrale landskapsformer, plantearter og vegetasjonstypar i regionen, samt å planlegge fleire dagars tur i naturtypane i regionen.   

I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav.  

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen (fem timar). Karakterskala: A-F, der F er ikkje greidd.

Eksamen er delt i tre delar: Vegetasjon, geologi og brelære. Alle delar må vere greidd.  

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel