Hopp til innhald

FRIB201 Friluftslivspedagogikk

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Friluftslivspedagogikk gjev ei vidare innføring i ulike perspektiv på pedagogisk arbeid i friluftslivkontekstar. Emnet søker å bidra til bevisstgjering rundt ulike måtar å skape vilkår for læring og opplevingar i natur. Stad, kropp, vegleiing og helse, miljø og sikkerheit er sentrale tema i emnet. Emnet legg opp til at studentane skal lære å reflektere kritisk om pedagogiske perspektiv igjennom gruppediskusjonar, praktisk aktivitet og tekstarbeid. Det er lagt inn pedagogisk praksis tilsvarande ei arbeidsveke.

Ekskursjonar: 

  • Friluftsliv i skogen: fem dagar 

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte: 

Kunnskapar 

Studenten

  • har kunnskap om nærmiljøets relasjonelle betyding for leik, erfaringar og opplevingar i friluftsliv 
  • har kunnskap om pedagogisk teori og didaktikk relatert til friluftsliv 
  • har inngåande kunnskap om gjeldande norm for førebygging av ulykker og sikker gjennomføring av aktivitet i natur 

Ferdigheiter 

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere pedagogiske aktivitetar i natur for ulike grupper 
  • kan planlegge og gjennomføre aktivitetar i natur på en trygg og ansvarleg måte 
  • kan analysere og nytte pedagogisk teori og didaktiske modellar relatert til friluftsliv 
  • kan kartlegge og analysere nærmiljøets moglegheiter for leik og læring 

Generell kompetanse 

Studenten

  • kan arbeide sjølvstendig og samarbeide med andre om å utvikle, gjennomføre og evaluere pedagogiske aktivitetar i natur 
  • kan reflektere kritisk over eiga og andre sin didaktikk og pedagogiske perspektiv i natur 
  • kan drøfte etiske og verdimessige problemstillingar knytt til pedagogisk arbeid i natur 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Tilrådde forkunnskapar er å vere i god nok fysisk form til å kunne bere eige og felles utstyr på ekskursjonar med overnattingar på barmark og på snø. 

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er i stor grad knytt til førelesingar, ekskursjonar, praksis, gruppe- og individuelt arbeid med fokus på studentaktive læringsformer.  

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:  

  • Aktiv deltaking på ekskursjonar (planlegging, gjennomføring og evaluering) 
  • Pedagogisk praksis og praksisrapport 

Gjennom desse læringsaktivitetane skal studenten vise kunnskap og ferdigheit knytt til planlegging, gjennomføring og evaluering av pedagogisk aktivitet i natur. 

  • Tre skriftlige arbeidskrav

Gjennom arbeidskravene skal studenten vise tilfredsstillande læringsutbytte om evne til kritisk refleksjon om eiga og andre sin didaktiske og pedagogiske perspektiv i natur. 

I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav. 

Vurderingsform

Individuell fem timars heimeeksamen. Karakterskala: A-F, der F er ikkje greidd. 

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel