Hopp til innhald

FRIB202 Friluftsliv vinter 1

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Gjennom teori, ekskursjonar og praksis skal studentane vidare tileigne seg kunnskap og erfaring knytt til vinterfriluftsliv. For læring av trygg vinterferdsel vil faktorane terreng, snødekke, ver og menneske vere sentrale i emnet, samt førstehjelp med fokus på generell nedkjøling. Studentane får grunnleggande kjennskap til vegleiing i vinterfriluftsliv, og dei vil ha to veker samanhengande praksis i skuleverket eller på institusjonar i helsesektoren. 

Ved godkjent gjennomføring av ekskursjonane kan studentane få Norsk Fjellsportforum (NF) videregående skredkurs nordisk/alpint, dersom loggbok tilfredsstiller NF krav til opptak på videregåande skredkurs.  

Ekskursjonar:  

  • Nordisk vinterferd i skogen m/førstehjelp, ein dag med vegleiar og to dagar på eiga hand  
  • Nordisk vinterferd i høgfjellet, fire dagar  
  • Skredlære på topptur i oversikteleg terreng, to enkeltdagar  
  • Topptur på ski i Jostedalen, to dagar  
  • Eigenferd nordisk vinter, fem dagar  
  • Topptur på ski i Vest-Jotunheimen, tre dagar  

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:  

Kunnskapar  

Studenten

  • har inngåande kunnskap om vegleiing knytt til nordisk vinterferd  
  • har kunnskap om vegleiing knytt til topptur i oversikteleg terreng  
  • har inngåande kunnskap knytt til orientering, kart, kompass, hellingsvinkelmåler og GPS  
  • har kunnskap knytt til kameratredning og grunnleggande førstehjelp 
  • har kunnskap om korleis skredvarsling (varsom.no) nyttast i turplanlegging, gjennomføring og evaluering av nordisk/alpin skiferd  
  • ha kunnskap om samspelet terreng, snødekke, ver og menneske i samband med vinterferdsel  

 

Ferdigheiter  

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere turar knytt til nordisk vinterferd for grupper  
  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere toppturar i oversiktleg terreng  
  • kan orientere med bruk av kart og kompass  
  • kan nytte GPS som supplement til kart og kompass, samt bruk av kart- og GPS applikasjon på telefon  
  • kan utføre kameratredning knytt til snøskred med og utan sendar/mottakar  
  • kan utføre grunnleggande førstehjelp til skada og nedkjølt person  

 

Generell kompetanse  

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere turar knytt til nordisk vinterferd og toppturar i oversiktleg terreng med grupper 
  • kan vurdere terrengklasse og snøskredfare og anvende sine kunnskaper og ferdigheter til trygg ferdsel

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Tilrådde forkunnskapar er å vere i god nok fysisk form til å kunne bere eige og felles utstyr på ekskursjonar med overnattingar på barmark og på snø. NF grunnkurs skred eller tilsvarande. 

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene i dette emnet nyttar i stor grad praktisk undervisning ute og ekskursjonar der teori blir integrert gjennom tileigning av praktisk erfaring. Turplanlegging og teori vil og formidlast gjennom førelesingar på campus. Gruppe- og individuelt arbeid inngår og som ein viktig del av emnet. Refleksjonsnotat blir brukt i samband med enkelte ekskursjonar.  

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:  

  • Aktiv deltaking på ekskursjonar (planlegging, gjennomføring og evaluering)   
  • Skriftleg gruppeinnlevering av turplan for eigenferd nordisk vinter  
  • Refleksjonsnotat knytt til eiga læring 
  • Praksis og praksisrapport 

Desse læringsaktivitetane er knytt opp mot læringsutbytta om å ha kunnskap om samspelet terreng, snødekke, ver og menneske i samband med vinterferdsel, samt å kunne planlegge, gjennomføre og evaluere turar knytt til nordisk vinterferd og toppturar i oversiktleg terreng med grupper. 

I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigendel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav.  

Vurderingsform

Individuell munnleg eksamen (30 minutt). Karakterskala: A-F, der F er ikkje greidd. 

Eksamen er delt inn i tre delar: Vinterfriluftsliv, førstehjelp og orientering. Alle delar må vere greidd.  

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel