FY400 Innføring i fysikk
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Kurset dekker mekanikk inkludert sirkulær og rettlinjebevegelse i ein og to dimensjoner med konstant akselerasjon, krefter, newtonlover, energi og arbeid, bevaringslover, potensiell energi, konservative krefter, kollisjonar, bevegelsesmengde, rotasjonsdynamikk, spenning og tøying. Kurset dekker også fysikken til bølger, inkludert svingingar, resonans, interferens, ståande bølger, lydbølger, diffraksjon og refleksjon av bølger. Kurset gir en innføring i radioaktivitet, væskemekanikk og termodynamikk.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studentane tileignar seg kjennskap om:
- grunnleggjande lover og bevaringssatsane i mekanikken
- bølgje-typar og interaksjon med kvarandre
- elektrisitet og radioaktivitet
- fluidmekaniske lover
- termodynamikkens lover
Ferdigheiter
Studentane kan:
- rekne på bevegelsen til ein eller fleire punktmassar med konstant akselerasjon, i sirkelbane og ved kollisjon
- rekne på bølgjer i overgangen mellom ulike medium
- bruke dei enklaste fluidmekaniske lovane til å rekne på massetransport
- løyse problemstillingar om varmeoverføring og volumendring
- løyse problemstillingar med enkel serie- og parallell-krets og radioaktiv stråling
Generell kompetanse
Studentane får en grunnleggjande kompetanse i skildring og berekning av fysiske system med omsyn til gjeldande lover.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar og rekneøvingar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Ingen
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen, 4 timar.
Bokstavkarakter: A-F.
Hjelpemiddel ved eksamen
Kalkulator
Meir om hjelpemiddel