ID3-301 Naturguiding, klatring og havkajakk
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
I emnet skal studenten lære om naturguiding, friluftslivvegleiing, naturbasert turisme og risikohåndtering i krevjande naturmiljø. Det er hovudvekt på aktivitetane klatring og havkajakk. Campus Sogndal ligg sentralt plassert og me nyttar fjell, kyst, skog og de lokale klatrefelt i regionen som arena i undervisninga. Studiet har fleire obligatoriske ekskursjonar.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om naturguiding som ein del av friluftslivvegleiinga
- har kunnskap om turisme generelt og naturbasert turisme spesielt
- har kunnskap om risiko og risikohåndtering av ulike friluftslivsaktivitetar i krevjande naturmiljø
- har kunnskap om organisering av gruppeaktivitet på lavlandsklippe ute (sportsklatring), i buldring og i havkajakk
Ferdigheiter
Studenten
- kan planlegge, organisere og leie ulike friluftslivsaktivitetar i krevjande naturmiljø
- har grunnleggande eigenferdigheiter i sportsklatring (lavlandsklippe ute), buldring og havkajakk
- kan anvende lokale bruksbåtar
Generell kompetanse
Studenten
- kan rettleie/formidle/guide ei gruppe innanfor feltet friluftsliv og natur- og opplevingsbasert reiseliv
- har gjennomført grunnkurs, teknikkurs eller aktivitetsleiarkurs i havkajakk frå kursstigen til Norges padleforbund
- har kjennskap til myndigheitene sine krav til HMS for risikoaktivitetar
Krav til forkunnskapar
Fullført 2.år bachelor Friluftsliv eller tilsvarande.
Tilrådde forkunnskapar
Vere førebudd på overnatting ute og kunne bere eige utstyr på ekskursjonar.
Undervisnings- og læringsformer
Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er teoretisk og praktisk innretta med førelesningar og individuelt arbeid, samt obligatoriske læringsaktivitetar knytt til gruppearbeid, studentpresentasjonar, framlegging av individuelt studenttema, ekskursjonar og praktiske øvingar. Studentane skal ha ei aktiv rolle i læringsprosessen. Lærestoffet skal så langt som råd bli integrert og erfart i den praktiske undervisninga.
Ekskursjonar:
- Buldreekskursjon 1-2 dagar
- Klatreekskursjon 4-5 dagar (enkeltdager, men må vera førebudd på overnatting)
- Kystfriluftsliv i Solund med bruksbåt og havkajakk, 4-5 dagar (tilbod om aktivitetsleiarkurs i havkajakk, om studentane er kvalifisert)
- Turist i eige fylke - Naturguiding og naturbasert opplevingsturisme, 3-4 dagar (Munnleg studentpresentasjon etter ekskursjon)
- Vegleiingstur, 3.års studentane planlegg og gjennomfører tur for 1. og 2.års studentane på friluftsliv, 3 dagar (skriftleg plan, gjennomføring og studentpresentasjon etter ekskursjon)
Obligatorisk læringsaktivitet
For å ha rett til å ta eksamen må alle obligatoriske læringsaktivitetar vera godkjent. Det er obligatorisk frammøte og krav om aktiv deltaking frå studenten i undervisning med obligatoriske læringsaktivitetar. Disse læringsaktivitetane er knytt opp mot læringsutbytte innan kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse med utgangspunkt i dei ulike ekskursjonane og studenttema i emne. De obligatoriske læringsaktivitetane er;
- Godkjent planlegging, gjennomføring og evaluering av ekskursjonar
- Godkjent skriftleg studenttema og praktisk gjennomføring av studenttema
- To godkjente munnlege presentasjonar
I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatoriske arbeidskrav.
Vurderingsform
Individuell munnleg eksamen med gradert karakter (A - F).
25 minutter forberedelse i eget rom etterfulgt av 25 minutter eksaminering.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel