ID3-317 Fordjuping fotball 1, spelar- og ferdigheitsutvikling
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
- Spelarutvikling
- Ferdigheitsutvikling
- Spel- og kampdimensjonen
- Kampanalyse
Kurset blir gjennomført i nært samarbeid med Norges Fotballforbund, NFF Sogn og Fjordane og Sogndal Fotball
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om praktiske ferdigheiter og korleis ein kan jobbe på feltet
- har kunnskap om utvikling av ferdigheiter i fotball med vekt på born og unge
- har kunnskap om toppspelarutvikling
- har kunnskap om strukturell dimensjon og spel- og kampdimensjonen med fokus på forsvarsspel og angrepsspel (Landslagsskolen)
Ferdigheiter
Studenten
- kan prøve ut spelar- og kampanalyse
- kan utvikle forsvarsspel og angrepsspel, individuelt og relasjonelt
Generell kompetanse
Studenten
- kan gjere greie for fotballen sin rolle i samfunnet
- kan kvalifisere seg som NFF Grasrottrenar (UEFA C-lisens) i NFF sin trenarstige
Krav til forkunnskapar
Fullført 60 studiepoeng idrett eller tilsvarande.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Undervisnings- og læringsformene er førelesing, gruppe- og individuelt arbeid. Det blir lagt til rette for obligatoriske læringsaktivitetar knytt opp mot ulike læringsmål for at studentane kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen, mellom anna praktiske instruksjonsoppgåver.
Undervisninga blir gjennomført i klasserommet, på analyselaboratoriet og på fotballbana.
Obligatorisk læringsaktivitet
For å ha rett til å ta eksamen må alleobligatoriske læringsaktivitetar vera godkjent. Det er obligatorisk frammøte og krav om aktiv deltaking frå studenten i undervisning med obligatoriske læringsaktivitetar. Desse blir spesifisert i kursplanen.
- Ei individuell praktiske instruksjonsoppgåve
- Eit skriftleg arbeidskrav knytt til analysearbeid
I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav.
Vurderingsform
Individuell, munnleg eksamen med gradert karakter (A - F). Tid: 30 minutt.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel