Hopp til innhald

KRO803 Læreplananalysar og djupnelæring

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Emnet Læreplananalysar og djupnelæring (KRO803) er dei tredje 15 studiepoenga av Lærarspesialistutdanning i kroppsøving 8.-13. trinn, som tilsaman er 60 studiepoeng.

Emnet er bygd opp av tema med vekt på læreplanar, læreplananalysar, djupnelæring og fagleg kunnskapsbase i arbeidet som lærarspesialist i kroppsøving. Emnet er bygd opp rundt obligatoriske samlingar og nettundervisning med førelesingar, seminar, nettgruppearbeid, studentframlegging, eksemplarisk læringsarbeid, diskusjonsgrupper og individuelt fordjupingsarbeid.  Studentane møter varierte og yrkesrelevante arbeids- og læringsformer i emnet, og får fleire framleggings- og innleveringsoppgåver som skal stimulera til studentaktive læringsformer.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om djupnelæring i lys av ulike læringsteoretiske ståstader
  • har inngåande kunnskap om læreplanutvikling og læreplanar som styringsreiskap
  • har kunnskap til å reflektere over kroppsøvingslæraren si formidling av og forståing av skjult kunnskap
  • har inngåande kunnskap i kroppsøving om forholdet mellom undervisning, læring og danning
  • har kunnskap om ulike digitale verktøy
  • har kunnskap om korleis ein kan studera, definera og vurdera bevegelse frå subjektive og objektive perspektiv
  • har inngåande kunnskap om ulike former for vurdering i forhold til elevar, lærarar og skule
  • har kunnskap om lover og forskrifter som regulerer vurdering i skulen

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke ulike digitale verktøy i undervisning og læring
  • kan analysere og forstå bevegelsers variabilitet og bruke pedagogiske teoriar og didaktiske arbeidsformer som er sentrale for undervisnings- og læringsprosessar i kroppsøving
  • kan analysere læreplanar som utgangspunkt for planlegging og vurdering
  • kan bruke og kritisk reflektere over ulike vurderingsformer i kroppsøving

Generell kompetanse

Studenten

  • kan analysere og bruke kunnskap og ferdigheiter om undervisning, læring og danning
  • kan kommunisere om fagdidaktisk kunnskap, og kroppsøving i eit danningsperspektiv med spesialistar og med ålmenta

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Emna i Lærarspesialistutdanninga nyttar eit mangfald undervisings- og læringsformer: Forelesingar med diskusjonar (i grupper og på tvers av grupper) på samlingar og på nett; arbeid med oppgåver (individuelt og i gruppe); drøfting av kvarandre sine oppgåver; studentpresentasjonar (munnleg og skriftleg); respons på medstudentar sine faglege bidrag; undervisning av elevar 8.-13. tinn etter oppgitt tema; småskalaforedrag/speedpresentasjon, presentasjon av mindre vitskapelege undersøkingar i frå eigen skule; respons på analyse av data; bidra i profesjonsfellesskap gjennom samarbeid med kollegaer på eigen og andre skular.

Obligatorisk læringsaktivitet

Fem arbeidskrav - eit til kvart tema som mellomliggande arbeid og gruppediskusjonar

Vurderingsform

Individuell skriftleg 5 dagars heimeeksamen.

Karakterskala A-F, der F tilsvarar ikkje bestått

Tid for innlevering av eksamen blir opplyst på Studentweb og digitalt eksamenssystem.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel