Hopp til innhald

KUN801 Tverrfagleg arbeid i kunstfaga

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

I emnet er det overordna målet å gi studentane erfaring med tverrfaglege arbeidsmåtar i faga drama, kunst og handverk og musikk. Gjennom praktisk skapande arbeid, refleksjon og tekstproduksjon vil studentane få kunnskap om korleis dei kan utvikle og gjennomføre samarbeid mellom kunstfaga, både i form av mindre prosjekt i undervisningskvardagen og i samband med større produksjonar. Metodikk og teori knytt til kreative, relasjonelle og estetiske prosessar, samhandling og gruppeleiing vil vera del av emnet. I emnet vil studentane arbeide praktisk med og reflektere over tema som til dømes dramaturgi, scenografi, improvisasjon og komposisjon. Det er eit poeng at studentane skal ha moglegheit for å knytte arbeid i emnet opp mot eigen praksis.

Emnet er nett- og samlingsbasert og rettar seg mot kulturskulelærarar, deltakarar i det frivillige kulturlivet og lærarar i grunnskulen. Innhaldet i emnet er også relevant for tilsette i barnehage.

Læringsutbytte

Kunnskapar Studenten

  • har kunnskap om metodar for tverrfagleg arbeid
  • har kunnskap om gruppeleiing i kreative prosessar
  • har kunnskap om dramaturgi, scenografi, improvisasjon og komposisjon
  • har kunnskap om kreative og estetiske læreprosessar

Ferdigheiter Studenten

  • kan ivareta og utnytte eige fag sin eigenart i tverrfagleg skapande samarbeid med andre kunstfag
  • kan samarbeide med kollegaer og andre fagfolk i tverrfaglege og estetiske prosessar
  • kan legge til rette for at elevar og andre deltakarar kan erfare og ta del i estetiske læreprosessar
  • kan leie og reflektere over aktivitetar og prosessar i samband med tverrfagleg arbeid

Generell kompetanse Studenten

  • skal få erfaring med skapande og kollektivt kreativt arbeid i faga
  • kan anvende kunnskapar om kreative prosessar i samband med prosjektarbeid
  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere tverrfagleg estetisk arbeid

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Utdanning i kunstfag og/eller erfaring med undervisning eller leiing av andre opplæringsaktivitetar i kultur- og kunstfeltet er ønskjeleg.

Undervisnings- og læringsformer

Emnet er organisert som eit samling- og nettbasert studium. Det blir lagt inn to samlingar a to-tre dagar. Arbeidsformene i emnet vil veksle mellom praktisk prosjekt- og gruppearbeid, forelesingar og litteraturstudier

Obligatorisk læringsaktivitet

Godkjent obligatoriske læringsaktivitetar

Presentere erfaringar frå utprøving av didaktiske opplegg i eige eller andre si praksis

Vurderingsform

Mappe

Karakter - Bestått/ikke bestått

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel