KUN804 Praktiske musikkaktivitetar
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
I emnet vil studentane få erfaring med leiing og organisering av musikkaktivitetar i workshopformat med tanke på å fremme kreative og estetiske læreprosessar. Sentralt i emnet står praktisk arbeid og refleksjon knytt til musikalske tema som til dømes rytmikk, improvisasjon, gehørarrangering, samspel og komponering. Kunnskap om korleis ein kan legge til rette for slike aktivitetar i grupper med ulike typar deltakarar vil vera del av emnet. Det er eit poeng at studentane skal ha moglegheit for å knytte arbeid i emnet opp mot eigen praksis.
Emnet er nett- og samlingsbasert og rettar seg mot kulturskulelærarar, lærarar i grunnskulen, frilansarar og aktørar i det frivillige musikklivet.
Læringsutbytte
Kunnskapar studenten
- har kunnskap om korleis ein kan arbeide med ulike musikalske element i gruppeaktivitetar
- har kunnskap om korleis leiing av kreative og estetiske læreprosessar i musikk kan tilpassast deltakarar med forskjellig nivå og bakgrunn
- har kunnskap om korleis digitale verktøy kan integrerast i samband med gruppeaktivitetar i musikk
Ferdigheiter studenten
- kan leie musikalske workshops og vera sensitiv for deltakarane sine innspel
- kan bruke eit utval didaktiske verktøy i arbeid med musikkaktivitetar i grupper med einsarta og blanda instrument
- kan gjennomføre musikalske aktivitetar der kropp og stemme har ein sentral plass
Generell kompetanse studenten
- kan bidra aktivt til å skape et godt klima for musikkaktiviteter i grupper
- kan reflektere over eigen didaktisk og erfaring og kople dette til litteratur som er relevant for innhaldet i emnet
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Utdanning i musikk og/eller erfaring med musikkundervisning eller leiing av andre typar musikkaktivitetar er ønskjeleg.
Undervisnings- og læringsformer
Emnet er organisert som eit samling- og nettbasert studium. Det blir lagt inn to samlingar a to-tre dagar i emnet. Arbeidsformene i emnet vil veksle mellom praktisk arbeid, forelesingar og litteraturstudier.
Obligatorisk læringsaktivitet
- godkjent obligatoriske læringsaktivitetar
- presentere erfaringar frå utprøving av didaktisk opplegg i eige eller andre si praksis
Vurderingsform
Mappe
Karakter: bestått/ikkje bestått
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel