Hopp til innhald

KUN807 Prosjektarbeid og estetiske læremåtar i skule og kulturskule

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

I emnet skal studenten utvikle og gjennomføre eit prosjektarbeid på eigen arbeidsplass med utgangspunkt i eigne faglege interesser og moglegheiter. Leiing og motivering av elevar og kollegaer er viktige tema i emnet. Kunst- og kulturfaga musikk, drama og kunst og handverk kan styrke fellesskap, inkludering, mangfald og openheit, og er sentrale i emnet og prosjektarbeidet. Skapande aktivitetar styrkar læring og bidreg til livsmeistring og eit positivt sjølvbilde. Dei estetiske faga blir verktøy for utforsking av faglege tema, idéar, kjensler og formspråk på ulike arenaer.  

Emnet er samlings- og nettbasert, med base på HVL, Campus Sogndal.  

Læringsutbytte

Kunnskapar 

Studenten har kunnskap om  

  • å planlegge, gjennomføre og evaluere prosjektarbeid der estetiske arbeidsmåtar inngår  
  • motivasjon og rettleiing i prosjektarbeid i ulike gruppestørrelser 
  • dramaturgiske verktøy i planlegging og organisering 
  • prosjekt inne og i uterom/byrom 
  • skuleslag, aktørar og organisasjonar 

Ferdigheiter 

Studenten har ferdigheiter i 

  • å organisere, leie og motivere til estetiske læringsaktivitetar  og -prosessar med utgangspunkt i tverrfagleg arbeid 
  • improvisasjon og sceniske uttrykk 
  • ensembleleiing 
  • visuelle installasjonar 

Generell kompetanse 

Studenten kan 

  • skape trygge og inkluderande rammer for skapande prosessar som ivaretek både individet og fellesskapen 
  • bruke estetiske fag som ein forebyggande ressurs i eit folkehelseperspektiv  
  • utvikle samarbeidsprosjekt på tvers av fag og organisasjonar 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Erfaring med undervisning i skulefag og/eller kunst- og kulturformidling.

Emna KUN802, KUN803, KUN804, KUN805 og/eller KUN806 er tilrådde forkunnskapar .

Undervisnings- og læringsformer

Prosjektarbeid på eigen arbeidsplass, forelesingar og arbeid med praktiske aktivitetar på samlingar, diskusjonsforum med erfaringsdeling, synkron og asynkron nettundervisning.  

Obligatorisk læringsaktivitet

Innlevering av skisse for prosjektarbeid på eigen arbeidsplass med utgangspunkt i eigne faglege interesser og moglegheiter.  

Gjennomføring av prosjektarbeid, med rettleiing.  

Erfaringsdeling i diskusjonsforum. 

Vurderingsform

Individuell munnleg eksamen med presentasjon og samtale på inntil 30 minutt, med ei veke førebuing.  

Vurdering: Bestått/ikkje bestått.  

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel