Hopp til innhald

LEK301 Leik og læring for alle

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Emnet skal gi kunnskap om etiske og samfunnsmessige perspektiv på barnehagen som bærekraftige og inkluderande fellesskap for alle barn. Det vert lagt vekt på at profesjonskunnskap utviklast i eit sosiokulturelt perspektiv. Praktisk klokskap, sosial handlingsdyktigheit, språk- og kontaktevne er sentralt i emnet.

Emnet bygger på ei heilskapleg tilnærming til barns utvikling. I emnet vert det fokusert på fagas eigenart, leik, tidleg innsats, rettigheiter til spesialpedagogisk hjelp og ulike støtte- og hjelpeinstansar. Sentrale føringar for tilrettelegging for utvikling, leik og læring i ulike kontekstar blir også belyst, noko som også inkluderer eit kritisk blikk på kategorisering av vanskar.

Kunnskapsbasen byggjer på pedagogikk, musikk, fysisk fostring og teikn(språk). Det overordna målet med emnet er at studenten tileignar seg omfattande kunnskap om leik, tidleg innsats, inkludering og tilpassa opplæring i barnehage, samt utøvande kompetanse i praktisk barnehagearbeid.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten

  • har omfattande kunnskap om leik, tidlig innsats, inkludering og tilpassa opplæring i barnehage
  • har kunnskap om problemstillingar knytt til barns rettigheiter, med særskild vekt på rett til spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning
  • har kunnskap om kva som kjenneteiknar eit likestilt, kreativt, sanseleg, skapande og lærande leikemiljø
  • har kunnskap om relevant lovverk, styringsdokumenter og lokale retningslinjer for tidlig innsats
  • har kunnskap om tverretatlege samarbeidsmåtar/mogelegheiter for barnehagen
  • har fagdidaktisk kunnskap knytt til kroppslege og musikkfaglige aktivitetar, samspel og læringssituasjonar i barnehagen
  • har grunnleggande kunnskap om teiknspråk og kommunikasjonsmetoden teikn-til-tale
  • har grunnleggjande kunnskap om lydmiljø i barnehagen

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • observere, analysere, dokumentere og kritisk vurdere problemstillingar knytt til spesialpedagogisk hjelp og inkluderande praksisar
  • bruke kropp, fysisk aktivitet, stemme og musikalske grunnelement i samspel med alle barn
  • implementere og bruke teikn-til-tale til alle i barnehagen
  • planlegge og legge til rette for opplevingar og meistring i eit utviklingsfremjande leike- og læringsmiljø
  • ta i bruk spontanitet og improvisasjon i leik og læring med alle barn
  • forstå, støtte og komme barn i utsette livssituasjonar i møte, i samarbeid med heim og andre relevante instansar

Generell kompetanse

Studenten kan

  • legge til rette for og leie eit miljø kjenneteikna av at alle barn kan delta på eigne premissar og vert møtt med respekt og anerkjenning, uavhengig av funksjonsnivå og sosial bakgrunn
  • reflektere fagleg over barnehagelæraren som rollemodell, omsorgsperson og kulturformidlar for og med alle barn
  • analysere og vurdere relevante faktorar som hemmar og fremjar utvikling, leik og læring
  • kommunisere etiske og faglige problemstillingar knytt til arbeid med barn med funksjonsnedsetjing

Krav til forkunnskapar

Bestått emnet BULL101/BULLD301

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga vil bli gitt gjennom førelesningar, praktisk-metodiske og studentaktive læringsformer. Dette kan vere refleksjons- og drøftingsarbeid i grupper, rettleiing, seminararbeid og medverknad i og utvikling av praktiske prosjekt.

OBLIGATORISK LÆRINGSAKTIVITET

Studentane må rekne med at deler av undervisninga er obligatorisk. Dette kan for eksempel vere undervisningsøkter med praktisk-metodisk undervisning, gruppediskusjonar, oppgåveskriving eller framlegg. Oversikt over dei obligatoriske læringsaktivitetane blir gitt ved semesterstart. Frammøte til desse læringsaktivitetane er å rekne som godkjent, og fråvær blir å regne som ikkje godkjent.

Canvas er HVL si digitale læringsplattform, og det ligg som ein premiss at studentane bruker denne plattforma aktivt.

PRAKSIS

Leiing av barn og barnehagen

Studenten skal i tredje studieår utvikle evne til pedagogisk leiing og leiing av endrings- og utviklingsprosessar i barnehagen og vise at pedagogisk leiing inneber profesjonsetisk bevisstheit. Studenten skal fokusere både på eigen yrkesidentitet og barnehagen sitt samfunnsmandat og kunne reflektere over dette. Studenten skal utvikle ulike sider ved barnehagelærarrolla, som å:

  • stå fram som barnehagelærar og kunne reflektera rundt ulike sider ved profesjonsutøvinga generelt og fordjupinga spesielt
  • auke si generelle pedagogiske leiarkompetanse
  • kunne legge til rette for eit miljø som fremmar og tek i vare på leik

Leiardagane (minimum fem) skal gjennomførast i løpet av heile praksisperioden (haust og vår), og må ha fokus på desse områda i vurderinga av studenten.

Obligatorisk læringsaktivitet

Dei obligatoriske læringsaktivitetane er knytta til læringsutbytta i emnet.

Fylgjande obligatoriske læringsaktivitetar må være godkjent før studenten kan framstillast til eksamen.

  • eit skriftleg individuelt arbeidskrav
  • eit gruppearbeid som inneheld bruk av tegn - til tale
  • eit tverrfagleg praktisk gruppearbeid der barnehagebarn er målgruppa
  • godkjent obligatorisk deltaking, minimum 80%

Retningsliner for obligatoriske læringsaktivitetar vil ligge føre ved semesterstart.

Obligatoriske læringsaktivitetar blir vurdert som godkjent / ikkje godkjent, og inngår ikkje i den endelege karakter i emnet.

Vurderingsform

Munnleg eksamen. Individuell, 30 minutt.  

Karakterskala A-F, der F er ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Førebudd presentasjon på 10 minutt +/- 10%, med utgangspunkt i praktisk gjennomført arbeid i emnet. 

Meir om hjelpemiddel