MAS160 Mekanikk og fastleikslære
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Studentane skal få innsikt i og forståing for grunnleggande lover og prinsipp i statikk i tre dimensjonar, og fastleikslære.
Statikk i tre dimensjonar: Kryssprodukt og moment, fri lekam-diagram, likevekt for krefter og moment. Statisk bestemte konstruksjonar i tre dimensjonar. Tyngdepunkt, flaters første og andre arealmoment. Virtuelt arbeid for stive lekamar.
Fastleikslære: Hookes lov, strekkprøving, elastisk og plastisk deformasjon i materialar. Spenningar på grunn av aksialkraft, skjerkraft, bøyemoment. Kraft og momentdiagram. Mohrs sirkel. Statisk ubestemte konstruksjonar. Bøyingsdeformasjonar og knekking.
Læringsutbytte
Ved fullført emne har studenten følgjande kvalifikasjonar:
Kunnskapar
- Identifisera og berekna krefter og moment i enkle, mekaniske konstruksjonar i tre dimensjonar.
- Identifisera og berekna mekaniske eigenskapar i konstruksjonsmaterialar.
- Identifisera og berekna spenningar og deformasjonar i mekaniske konstruksjonar i tre dimensjonar.
Ferdigheiter
- Skildra krefter som verkar på konstruksjonar i tre dimensjonar.
- Analysera spenningstilstand i enkle konstruksjonar i tre dimensjonar.
- Berekna utbøying i enkle konstruksjonar
- Kan dimensjonera enkle, mekaniske konstruksjonar basert på sikkerheitsfaktor.
Generell kompetanse
- Reflektera over eigen fagleg utøving.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
MAS144 Materialar og tilverking, 10 sp., eller tilsvarande.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, rekneøvingar, rettleiing, laboratorieøvingar, innleveringar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Godkjente innleveringar
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen, 4 timer.
Tid og stad for eksamen blir opplyst på Studentweb.
Karakterskala A-F, der F tilsvarer "ikkje bestått".
Hjelpemiddel ved eksamen
Enkel kalkulator
Meir om hjelpemiddel