MAS161 Maskinkonstruksjon og automatisering
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Konstruksjonsmetodikk, dimensjonering og val av: maskinelement, sveising, skrueforbindelsar, pressforbindelsar, aksler, lager, tannhjul, reimer, sensorar og pneumatikk med omsyn til automatisering og robot som maskinelement. Bruk av 2D og 3D DAK-programmer i teikning, utrekning og simulering.
Prosjektoppgåve, utviklingsmøte med rettleiaren, metodisk utviklingsprosess til fullstendig utvikla og berekna løysing som er dokumentert i prosjektteikningar (samanstilling, produksjonsteikningar, styklister, bestillingsteikningar) og ein rapport som beskriv utviklingsprosessen.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Studenten:
- Kan gi døme på dei viktigaste maskinelementa og viktige elektromekaniske og pneumatiske element og sensorar som inngår i ei automatiseringsløysing.
- Kan gjera greie for korleis desse elementa kan brukast i ulike maskiner.
- Har kunnskapar om dimensjonering og styrkeberekning av maskindelar.
- Har kunnskapar om prinsipp for gjennomføring av maskintekniske prosjekt og dokumentasjon av brukt metodikk.
- Har kunnskapar om avansert bruk av modellering, simulering og teikning av samansette konstruksjonselement, ved bruk av 2-D og 3-D teikningsprogram i dokumentasjon og simulering.
Ferdigheiter
Studenten kan:
- Velja, dimensjonera og berekna styrke til ulike maskinelement.
- Namngi ulike maskinelement.
- Velja rett produksjonsmetode i eit gitt tilfelle.
- Modellera, simulera, teikna og berekna avanserte konstruksjonar i 2-D og 3-D.
- Bruka konstruksjonsmetodikk for å finna løysingar i samband med prosjektoppgåver, og dokumentera desse i ein rapport.
- Gjennomføra utviklingsmøte og presentera og argumentera for valde løysingar.
Generell kompetanse
Studenten:
- Har kjennskap til konstruksjonsmetodiske innovasjonsprosessar, frå kravspesifikasjon og idégenerering til ferdig dokumentasjon.
- Kan skapa grunnleggande samanhengar mellom funksjonsskildringar, fysikalske prinsipp og praktiske løysingar.
- Kan arbeida med praktiske prosjektarbeid i grupper.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
MAS160 Mekanikk og fastleikslære
Undervisnings- og læringsformer
Førelesningar, utviklingsmøte, innleveringar, konstruksjonsprosjekt
Obligatorisk læringsaktivitet
Godkjente innleveringar
Vurderingsform
Del 1: Skriftleg skuleeksamen, 3 timar, tel 60 % på endeleg karakter.
Del 2: Prosjektoppgåve, Gruppeoppgåve med 2-3 studenter, tel 40 % på endeleg karakter.
Begge delane må vere bestått.
Karakterskala A-F, der F svarar til «ikkje bestått».
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle trykte og skrivne hjelpemiddel er tillate. Alle kalkulatormodellar er tillate.
Meir om hjelpemiddel