MASA630 Masteroppgåve
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Masteroppgåva er eit sjølvstendig vitskapeleg arbeid, der studenten synleggjer innsikt i aktuell forsking, relevant teori og metode, som har betyding for problemstillinga i oppgåva. Arbeidet med masteroppgåva skal kvalifisere studenten for forskings- og utviklingsarbeid.
Masteroppgåva skal vise korleis samfunnsarbeid som teori og metode kan bidra til å påverke vilkår for sosial deltaking for ei gruppe menneske knytt til eit fellesskap (til dømes interesse, geografisk, organisatorisk) på ein eller fleire sosiale arenaer som er relevante for dei. Mastergradarbeidet kan være ei undersøking av teoretiske, praktiske eller metodiske sider ved samfunnsarbeid som handling.
Mastergradsarbeidet kan være eit frittståande arbeid eller gå inn som ei avgrensa men sjølvstendig del av eit pågåande forskingsprosjekt, eller byggje på tilgjengelege data frå avslutta forskningsprosjekt eller registerdata.
Masteroppgåva kan skrivast som eit individuelt prosjekt eller som eit fellesprosjekt for to studentar. Når to studentar skriv felles masteroppgåve, må det gå tydeleg fram av arbeidet korleis dei har arbeid saman. Studentane har eit sjølvstendig ansvar for å vise korleis begge har bidrege til det ferdige produktet.
Masteroppgåva skrivaes i tråd med Rettleiar for Masteroppgåve ved FHS. Studenten fyller ut ein rettleiiningsavtale og sender denne til rettleiar så tidlig som mulig etter forventa oppstart på masteroppgåva. Avtalen skal signeres i etterkant av at temaet og metoden for masteroppgåva er valgt. Studenten, rettleiar eventuelle medrettleiiar og emneansvarleg skal signere avtalen.
Læringsutbytte
En student med fullført emne skal ha følgende totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten...
- har inngåande kunnskap om samfunnsarbeidet sitt grunnlag, teoriar og metodar, og kan anvende desse innanfor fagområdet
- har spesialisert innsikt i det teoretiske og empiriske feltet som mastergradsoppgåva handlar om
Ferdigheiter:
Studenten...
- kan analysera og halde seg kritisk til ulike informasjonskjelder, og bruke desse til å strukturera og formulera faglege argument
- kan arbeide sjølvstendig med teoretiske og praktiske oppgåver
- kan bruke relevante forskingsmetodar til å analysera vitskaplege problemstillingar
Generell kompetanse:
Studenten...
- har erfaring og kompetanse til å utforme ei forskbar problemstilling, planlegge forskingsarbeidet, gjennomføre forskingsprosessen og dokumentere dette i tråd med ålment aksepterte vitskapelege standardar.
- bidrar til kunnskapsutvikling i samfunnsarbeid gjennom å identifisera handlingsrom og vilkår for sosial deltaking
- kan presentera og formidla denne kunnskapen munnleg og skriftleg til fagfeller og til dei det gjeld
Krav til forkunnskapar
Emna i 1. studieår må vera godkjende før studenten kan starte arbeidet med masteroppgåva.
Undervisnings- og læringsformer
Arbeidet med masteroppgåva går føre i tredje og fjerde semester.
Det blir lagt til rette for seminar knytt til prosjektplan og masteroppgåve.Prosjektplanen skal vere på inntil 2000 ord (eksklusiv referanser), vere tydeleg formulert og innehalde følgande:
- Tittel på masteroppgåva
- Bakgrunn som inneheld teoretisk perspektiv
- Problemstilling
- Metode
- Tidsplan
- Referanseliste
Prosjektplanen skal godkjennes av rettleiar før arbeidet med masteroppgåva tar til.
Andre læringsformer er sjølvstudium, skriveseminar, tekstseminar, sluttseminar. Gje og få tilbakemeldingar på eigne og andre sine tekstar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatorisk læringsaktivitet må vere godkjend før studenten kan levere masteroppgåva:
Deltaking på sluttseminar
Vurderingsform
Masteroppgåve
Studenten kan velje ulike former for utforming av masteroppgåva. Tittelside, innhaldsliste, referanseliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg til tall på ord for dei ulike former for utforming av masteroppgåven:
Monografi skal ha eit omfang på inntil 15 000 ord.
Artikkelmanuskript med kappe
Ved artikkel med kappe, skal oppgåva ha ein artikkel som følgjer forfattarrettleiinga til eit relevant vitskapleg tidsskrift. Tidsskrift vert valt i samråd med rettleiar. Artikkelen sine tal på ord fylgjer det valte tidsskriftet sine rammer.
Kappa skal innehalde ein samla presentasjon av vitskaplege resultatet, med ein inngåande og oppdatert, samanstillande diskusjon. Kappa skal vere på inntil 5000 ord.
Artikkelmanuskript utan kappe
Ved artikkelformat utan kappe, skal oppgåva ha ein artikkel som følger forfattarrettleiinga til eit relevant vitskapleg tidsskrift. Tidsskrift vert valt ut i samråd med rettleiar. Tal på ord/teikn i forfattarrettleiinga til tidsskriftet treng ein ikkje fylle ut. Artikkelen kan vere på inntil 7000 ord. Sjå Rettleiar for Masteroppgåvefor meir informasjon om struktur på masteroppgåva.
Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterer og F er ikkje bestått.
Ny eksamen
Ved ikkje bestått (karakter F) leverer studenten omarbeidd, skriftleg besvarelse til ny eksamen i påfølgende semester.
Det er ikkje tilgang til å levere ny eller revidert masteroppgåve ved bestått resultat.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel