Hopp til innhald

MDIP501A Didaktiske praksisar retta mot undervisning i kroppsøving og mat og helse

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

I emnet vert det teke opp eit utval didaktiske problemstillingar i kroppsøving og mat- og helse med vekt på planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisning. Studentane vel enten kroppsøving eller mat og helse som fokusområde for emnet. Studentar som rettar seg inn mot enten kroppsøving eller mat og helse vil få meir vekt på tema som ulike didaktiske tilnærmingar til undervisning i faget, læring og danning, arbeidsmåtar og lærarrolla.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten

  • har inngåande kunnskap om kroppsøvings-/mat og helsefagets eigenart og faget sin plass i tverrfagleg undervisningssamanheng
  • har inngåande kunnskapar om tydinga av kroppsøving og mat og helse i eit berekrafts- og livsmeistringsperspektiv i skulen
  • har inngåande kunnskap om teoretisk og kontekstbasert praktisk metodikk med eksempel frå ulike miljø
  • har inngåande kunnskap om korleis faget kan bidra til at elevar utviklar fagspesifikk kunnskap og praktiske ferdigheiter

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere prosessen med planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisning i ulike miljø med sikte på læring og danning
  • kan analysere, drøfte og presentere læringsaktivitetar i ulike miljø med sikte på ferdigheitsutvikling, fagleg praktisk og teoretisk læring, digital kompetanse og tilpassa opplæring
  • kan bruke forskingsbasert kunnskap og aktuelle metodar, verktøy og arbeidsmåtar som er særleg aktuell i faget og knyta til didaktikk

Generell kompetanse 

Studenten

  • kan analysere og kritisk vurdere faget i eit skolemiljø ut frå ulike didaktiske perspektiv
  • kan analysere ulike didaktiske perspektiv på undervisning kommunisere forskingsbasert om undervisning, læring og danning i faget
  • kan kommunisere forskingsbasert om didaktiske praksisar i faget og i tverrfagleg undervisning

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Emnet er bygd opp rundt samlingar og nettbasert undervisning med førelesingar, seminar, gruppearbeid som praktisk og teoretiske og individuelt fordjupingsarbeid. Det blir lagt opp til obligatoriske samlingar, dels med forelesing og dels med studentframlegging. Studentane møter varierte og profesjonsrelevante arbeids- og læringsformer i emnet og får fleire framleggings- og innleveringsoppgåver som skal stimulera til studentaktiv læring.

Obligatorisk læringsaktivitet

Obligatorisk frammøte på delar av undervisninga. Oversikt over obligatorisk undervisning vil gå fram av undervisningsplanen.

  1. Studenten skal analysere og kritisk vurdere eit valt didaktisk undervisningsopplegg ut frå lærings-, dannings- og kulturperspektiv gjennom ein munnleg presentasjon for medstudentar.
  2. Studenten skal skriftleg analysere eit tema relevant for kroppsøving eller mat og helse frå eigen praksis (1600 ord).
  3. Studenten skal, med utgangspunkt i eigen skriftleg tekst, gjere ei munnleg fagformidling.

Læringsaktivitetane vurderast til godkjent/ikkje godkjent. Alle obligatoriske læringsaktivitet må være godkjende av faglærar før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal det gis skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktivitet får tilbod om å rette opp feil og manglar (1 gang) eller gjennomføre alternativt læringsaktivitet gitt av faglærar. Datoen for nytt forsøk må være i gjeldande semester og innan gitte fristar, men seinast tre veker før eksamensperioden byrjar.

Nærare retningsliner for læringsaktivitet gis ved semesterstart.

Vurderingsform

Skriftleg heimeeksamen, 5 dagar (3000 ord +/- 10%).

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle 

Meir om hjelpemiddel