MDIP502E Naturfagdidaktikk
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Emnet vil gje djupare innsikt i tradisjonelle og nye fagdidaktisk forskning for bidrar til teori og erfaringsbasert utvikling av undervisning og undervisningsressursar. Emnet fremmer reflektierte praksis i naturfag undervisning til profesjonell grunngivelse, planlegging og gjennomføring av egen undervisning. Emnet gje grunnlag for arbeid med profesjonsretta masteroppgåve i naturfag og i løpet av emnet skal studenten utvikle forslag til problemstilling og metode til masteroppgåva.
Emnet tar opp undervisningsmåter i naturfag som skal fremme handlingskompetanse og demokratisk deltakelse. Emnet tar opp fagdidaktisk teori knytt til danning gjennom utforskende arbeid, utvidet klasserom, estetisk erfaring, dialog, skriving og lesing; koplinger mellom representasjonsformer blir reflektert.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten:
- har avansert kunnskap om ulike undervisningsdesign i naturfag
- har avansert kunnskap om ulike tilnærmingar til undervisning for handlingskompetanse, berekraftig utvikling og demokratisk deltaking
- har inngåande kunnskap om korleis naturvitskapleg kunnskap vert nytta og kan nyttast til aktuelle saker i samfunn, digitale nettverk og kvardagsliv
- har avansert kunnskap om korleis dialog, argumentasjon, tekstarbeid og estetisk arbeid har sin plass i utforskande arbeidsmåtar
- kan inngåande drøfte utforskande arbeidsmåtar i lys av naturvitskaplege arbeidsmåtar, tilpassa opplæring og kompetansemål for opplæringa
- har inngående kunnskap om bruk av samtalar, skriving, lesing, rekning og IKT i faget mellom anna i lys av omgrepa representasjonsformer, naturvitskapens språklege kjenneteikn og kunnskapstransformering
Ferdigheiter
Studenten:
- kan anvende inngåande innsikt i overordna målsettingar for naturfag til å planlegge og grunngi undervisning
- kan drøfte bruk av praktisk arbeid og læringsarenaer utanfor skolen i lys av relevante læringsteoriar og forskingsresultat
- kan grunngi korleis ulike planlagde aktivitetar kan inkludere elevar med ulik bakgrunn og fremme utvikling av kompetansar knytt til berekraftig utvikling og demokratisk deltaking
- kan nytte innsikt i naturvitskaplege tenke- og arbeidsmåtar til å legge til rette for opplæring i naturvitskapens eigenart, STEAM og kritisk tenking
- kan drøfte og vurdere oppgåver og elevtekstar mellom anna i lys av teori og forsking om ulike former for tenkeskriving og skriving i naturfaglege sjangrar
- kan drøfte korleis ulike typar oppgåver, spørsmål og aktivitetar kan fremme analytisk tenking og språkleg aktivitet hos elevane
- kan kritisk vurdere egne og andres undervisningsaktivitetar i lys av kompetansetenking og sentrale begrep frå læringsteori og forsking
Generell kompetanse
Studenten:
- kan formidle og kommunisere naturfagdidaktisk problemstillingar knytt til utøving av læraryrket til aktørar i og utanfor skolen
- kan drøfte korleis naturfag kan medverke til danning
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Emnet er bygd opp rundt samlingar og nettbasert undervisning med førelesingar, mikroundervisning, litteraturseminar og oppgaveskriving. Det anbefales gruppearbeid som praktisk og teoretiske og individuelt fordjupingsarbeid.
Obligatorisk læringsaktivitet
Obligatorisk frammøte på delar av undervisninga. Oversikt over obligatorisk undervisning vil gå fram av undervisningsplanen.
1 og 2) Studentane skal levera ei individuell skriftleg oppgåve (1500 ord) og ei munnleg gruppeoppgåve. Eit av dei obligatoriske læringsaktivitetane skal handla om relevans for praksisfelt og/eller bruk teoretisk analyse.
3) Studenten skal gjennom ei skriftleg utgreiing presentere eit forskingsområde studenten vel å fordjupa seg i (2000 ord).
Dei obligatoriske læringsaktivitetane skal vurderast til godkjent/ikkje godkjent. Alle obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjente av faglærar før studenten kan framstilla seg til eksamen. Dersom ein læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal det gis skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktivitetar får tilbod om å rette opp feil og manglar (1 gang) eller gjennomføre alternativ læringsaktivitet gitt av faglærar. Datoen for nytt forsøk må være i gjeldande semester og innan gitte fristar, men seinast tre veker før eksamensperioden byrjar.
Vurderingsform
Munnleg eksamen, 30 minutt. Førebuingstid 30 minutt.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel