Hopp til innhald

MGBNO101 Norsk 1, emne 1 - Begynnaropplæringa

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Emnet utgjer dei første 15 sp av obligatorisk Norsk 1 på til saman 30 sp. Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur- og litteraturfag og ein praksisstad for kvalifisert arbeid med språk og tekstar - i ulike sjangrar og modalitetar, frå fortid og samtid. 

Norsk i begynnaropplæringa gir eit første grunnlag for norskundervisning på trinn 1-4. Sentralt står språklege og litterære emne, fagdidaktiske spørsmål og arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, særleg munnleg kommunikasjon og den første lese- og skriveopplæringa for elevar med norsk som fyrste- og andrespråk. Emnet legg også vekt på at studentane skal utvikle sine eigne språkferdigheiter og sin eigen tekstkompetanse og formidlingsevne. 

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte: 

Kunnskapar 

Studenten 

  • har noko kunnskap om barns språkutvikling 
  • har kjennskap til språket som system og språket i bruk 
  • har kunnskap om munnlege ferdigheiter 
  • har brei kunnskap om den første lese- og skriveopplæringa 
  • har noko kunnskap om begynnaropplæring for elevar med norsk som andrespråk 
  • har kjennskap til den samiske språksituasjonen 
  • har kunnskap om lese-, skrive- og språkvanskar 
  • har kunnskap om tekstar for barn med vekt på kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og multimodale tekstar, på nynorsk og bokmål, i ulike sjangrar og medium 
  • har kunnskap om gjeldande læreplan, læringsressursar og kartleggingsprøver for trinn 1-4 

Ferdigheiter 

Studenten 

  • kan bruke kunnskap om språk og språkutvikling i språkstimulerande arbeid
  • kan gjere greie for fagdidaktiske val som fremjar grunnleggjande ferdigheiter for alle elevar 
  • kan bruke ulike arbeidsmåtar i den første lese- og skriveopplæringa og tilpasse opplæringa for elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter i norsk 
  • kan leie læringssamtalar med barn med fokus på både fagleg læring og utvikling av munnlege ferdigheiter 
  • kan lese, tolke og analysere ulike tekstar for barn og bruke kunnskap om dette i arbeid med munnlege, skriftlege og multimodale tekstar i ulike medium 
  • kan kjenne att teikn på lese-, skrive- og språkvanskar 
  • kan kartlegge og vurdere lese- og skriveferdigheiter og gi læringsfremjande respons til alle elevar 
  • kan vurdere ulike norskfaglege læringsressursar, både trykte og digitale 
  • meistrar begge målformer skriftleg  

Generell kompetanse 

Studenten 

  • kan legge til rette for at elevane utviklar grunnleggande tekst- og språkferdigheiter 
  • er merksam på mangfaldet i elevgruppa og kan tilpasse undervisinga og gjere greie for fagdidaktiske val 
  • kan vurdere eigen praksis ut frå gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Studentane skal vere både mottakarar, aktive deltakarar, samtalepartnarar, rettleiarar for medstudentar og observatørar i klasserommet. Det er derfor lagt opp til varierte arbeidsformer som bidreg til å realisere ei lærande, aktiv og nærverande studentrolle. Arbeidsformene kan vere forelesingar, rettleiingar, studentframlegg, diskusjonar i klasserommet eller på ei digital læringsplattform, utveksling av røynsler og arbeid i større og mindre grupper.  

Studentane må rekna at delar av undervisninga er obligatoriske. Oversikt over dei obligatoriske læringsaktivitetane blir gitt ved semesterstart. Frammøte til desse læringsaktivitetane er å rekne som godkjent, og fråvær blir å rekne som ikkje godkjent. 

Obligatorisk læringsaktivitet

Studentane har tre arbeidskrav i emnet. Studentane må syne skriftleg kompetanse i begge målformene, og munnleg kompetanse. Minst eitt av arbeidskrava skal handle om den første lese- og skriveopplæringa, eitt skal vere skriftleg og knytt til akademisk skriving og eitt skal dokumentere kjennskap til vitskapsteoretiske og metodiske problemstillingar. Semesterplanen vil gi nærare retningslinjer for arbeidskrava. 

Arbeidskrav blir vurderte som godkjent/ikkje godkjent. 

Vurderingsform

Heimeeksamen, 5 dagar. 

Målform: Bokmål. Både fagleg innhald og språkleg utforming vert vurdert. 

Karakterskala A-F, der F er ikkje bestått. 

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel