MGBSA503 Samfunnsfag 3, emne 3 - Forskingsmetodar og kjeldekritikk
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Emnet skal gi kunnskap om fagets metodar, synleggjere samanhengar mellom undersøkingsopplegg og datainnsamling, og sette studentane på masterutdanninga i stand til å gjennomføre eit sjølvstendig forskingsarbeid.
Emnet vil relatere metodane til det vitskapsteoretiske grunnlaget for samfunnsvitskapleg forsking, med vekt på tema som subjektivitet, objektivitet, metodologisk individualisme og kollektivisme, refleksivitet og konstruktivisme. Studentane skal arbeide med ulike metodiske tilnærmingar med vekt på undersøkingsopplegg, gjennomføring av datainnsamling og metodiske utfordringar.
Sentrale undervisingstema:
- Samfunnsvitskapleg forsking - vitskapsteoretisk forankring
- Kvantitativ metode: fokus blir lagt på å bli kjent med kvantitative teknikkar og korleis desse blir brukt innan samfunnsvitskapleg forsking.
- Kvalitativ metode: Her blir det lagt vekt på korleis ein kan planlegge og gjennomføre kvalitative forskingsintervju, spørjeskjemaundersøkingar, observasjonar og tekstanalyser
- Kjeldekritikk: studentane skal arbeide med ulike typar kjelder og øve opp ei refleksiv haldning til det kjeldekritiske apparatet.
Læringsutbytte
Studenten skal ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om det vitskapsteoretiske grunnlaget for samfunnsvitskapleg metode.
- har kunnskap om ulike kvantitative og kvalitative metodar.
- har kunnskap om forskingsetiske lover og retningsliner, samt god forskingspraksis.
- har kunnskap om ulike former for datainnsamling, analyse og presentasjon av data.
- har kunnskap om viktige databasar og arkiv.
Ferdigheiter
Studenten
- kan lage eit undersøkingsopplegg for eige masterarbeid og grunngje val av metode skriftleg og munnleg.
- kan nytte relevante verktøy for innsamling og analyse av empirisk materiale.
Generell kompetanse
Studenten
- kan sjå samanhengar mellom problemstilling, undersøkingsopplegg, datainnsamling og endeleg forskingsresultat, og gjere hensiktsmessige val av metode basert på desse samanhengane.
- har ei refleksiv haldning til kjeldekritikk.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
MGBSA101, MGBSA201, MGBSA301, MGBSA401
Undervisnings- og læringsformer
Undervisninga skjer som ein kombinasjon av førelesingar, sjølvstudium og diskusjon av tekstar og studentarbeid i seminar. Det vert sett krav til aktiv deltaking frå studentane i form av innlegg på seminaret. Studentane skal skrive ei prosjektskisse som presenterer opplegget for forskingsarbeidet dei skal gjennomføre i masteroppgåva. Under arbeidet med skissa skal deler av den takast opp til diskusjon i seminaret. Arbeidsformene legg stor vekt på problematisering, kritisk refleksjon og diskusjon.
Obligatorisk læringsaktivitet
Det er to obligatoriske læringsaktiviteter i emnet.
Obligatorisk læringsaktivitet 1: Deltakelse i tekstseminar. Som del av eksamen skal studentene skrive en prosjektoppgave som presenterer forskningsdesign og metodeopplegget for forskingsarbeidet de skal gjennomføre i løpet av mastergraden. Retningslinjer for prosjektoppgaven blir levert ut ved oppstart. I tilknytning til denne er et obligatorisk arbeidskrav en presentasjon av prosjektoppgaven i seminar. Alle studentene skal også være opponent til en annen student sin prosjektoppgave.
Obligatorisk læringsaktivitet 2: Obligatorisk deltakelse i økt om forskningsetikk.
De obligatoriske læringsaktivitetene må være godkjent for at studentene skal kunne ta eksamen.
Vurderingsform
Eksamen er mappevurdering som består av to likeverdige elementer. Halvparten av karakteren settes på bakgrunn av prosjektoppgaven studenten skal skrive i løpet av semestret. Den andre halvparten av eksamen består av muntlig eksamen på inntil 30 minutters varighet. I muntlig eksamen blir studentene spurt om fellespensum og metodiske problemstillinger i tilknytning til prosjektoppgaven.
Karakterskala A-F, der F er ikke bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Prosjektoppgaven - alle hjelpemidler er tillatt.
Muntlig eksamen - ingen hjelpemidler er tillatt.
Meir om hjelpemiddel