Hopp til innhald

MGUKH503 Kunst og handverk 3, emne 3 - Estetikk i praksis og teori

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Emnet skal gje studentane utvida innsikt i estetiske læringsprosessar knytt til praktisk undersøkande og teoretisk reflekterande metodar i sitt skapande arbeid. Studentane skal tileigne seg kunnskap om kunst og handverk som ein kulturberande praksis  i grunnskulen, og bevisstgjera seg si rolle som verdiformidlarar.

Læringsutbytte

Kunnskapar  

Kandidaten  

  • er fortruleg med undersøkjande og erfaringsbasert kunnskap og kan koble dette til relevant teori i kunst og handverksfaget   
  • har avansert kunnskap om estetiske læreprosessar  
  • har kunnskap om kunst som erkjenningsform og læraren si rolle som kulturforvaltar 
  • har kunnskap om verktøy og strategiar for problemløysing i møtet med elevar sitt og eige skapande arbeid 
  • har inngåande kunnskap om fagrelevante skapande og estetiske arbeidsformer sett i samanheng med barne- og ungdomskultur   

Ferdigheiter  

Kandidaten  

  • kan analysere og vurdere læreprosessar innan skapande arbeid i kunst og handverk og bruke fagspesifikke omgrep og perspektiv  
  • kan arbeide med praktiske utprøvingar og eksperimentering i ulike materiale og kan anvende teori til å reflektere over og vurdere eigne arbeidsprosessar i verkstad 
  • kan sette erfaring frå eige skapande arbeid i samanheng med fagområdet i skule og samfunn  
  • kan formidle og uttrykke seg gjennom eit utval av faget sine material og medium 

Generell kompetanse  

Studenten  

  • kan bruke strategiar og metodar for skapande og fagdidaktisk arbeid individuelt og saman med andre  
  • kan gjennom eigne problemstillingar bidra til nytenking og utviklingsarbeid innanfor og på tvers av faglege samanhengar 
  • kan anvende og gjera greie for eigen erfaring med estetiske læreprosessar   og legge til rette for elevars læring gjennom slike læreprosessar i tverrfaglege kontekstar.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Fullført syklus 1 i GLU 5-10 med 60 studiepoeng i kunst og håndverk.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisningen varierer mellom verkstadarbeid, forelesninger via Zoom, demonstrasjoner, individuell veiledning, og teoristudier. Verkstedbasert arbeid med ulike materialer har stor plass i studiet. 

Obligatorisk læringsaktivitet

  • ​Aktiv deltaking på obligatoriske læringsaktivitetar definert på læringsplattform
  • Gjennomføring av obligatoriske læringsaktivitetar i form av skriftlege og munnlege presentasjonar. Oppgåvene vil ligge tilgjengeleg på læringsplatformen

Arbeidskrava må være gjennomført til fastsette fristar og godkjend før ein kan avlegge eksamen.

Godkjende arbeidskrav er gyldig i to semester etter godkjenning.

Vurderingsform

Vurderingsmappe.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel