MGUKØ202 Kroppsøving 1, emne 2 - Kroppsøvingsfaget, eleven og tilpassa opplæring
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Emnet er ei innføring i det å vere lærar i kroppsøving på trinn 5-10 i grunnskolen, og må sjåast i samanheng med emne 1.
Til emnet står vidare utvikling av undervisningskompetansen knytt til variert bevegelseslæring og varierte kroppslige erfaringar. I tillegg til å kunne leggje til rette for aktuelle bevegelsesaktivitetar skal ein no i større grad kunne tilpassa undervisninga til den enkelte elev sine føresetnader, samt i større grad kunne vurdera elevenes læring og utvikling i kroppsøvingsfaget og kunne gje læringsfremjande tilbakemeldingar. Opplæringa skjer gjennom ei praktisk orientert fagdidaktisk tilnærming.
Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om tilpassa opplæring i regelverk og på bakgrunn av eleven sin vekst og utvikling
- har kunnskap om vurdering i kroppsøving
- har kunnskap om kva som kan fremje bevegelsesglede for elevar på steg 5-10
- har kritisk kunnskap om kroppen som uttrykk og identitet i samfunn, media og kultur.
Ferdigheiter
Studenten
- kan leggje til rette for læringsarbeid som fremjar glede i leik og varierte bevegelsesaktivitetar, på ulike arenaer og i nærmiljøet.
- kan gjennomføra skapande og utforskande undervising der bevegelseserfaring, glede og refleksjon er sentralt
- kan vurdera elevens kroppslege læring og føresetnader som grunnlag for tilpassa opplæring og læringsfremjande tilbakemeldingar
- kan vurdera elevens måloppnåing, planlegga og grunngje vurderingane og leggje til rette for elevens eigenvurdering
- kan på fagets premissar inkludere dei grunnleggjande ferdigheitene i undervisinga
- kan utvikla eigne ferdigheiter og kunnskaper innan leik, friluftsliv, dans, idrett og andre bevegelsesaktivitetar, og gjera seg nytta av dette i undervising i kroppsøving
Generell kompetanse
Studenten
- kan arbeida med mangfald og ulikskap i kroppsøving
- kan bidra til å sjå kroppsøving i tverrfaglege perspektiv
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Studenten møter varierte og profesjonsretta arbeids- og læringsformer i emnet. Det vil være førelesingar, praktiske øktar, eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleiker.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Delta på turar/ekskursjonar.
- Akademisk lesing: Førebu og delta med presentasjon på fagseminar.
- Profesjonsfagleg digital kompetanse: Planlagt undervisning ved hjelp av digitale verktøy. Gjennomføring i praksisperioden og erfaringsdeling etter praksis.
Det vil vere krav om frammøte knytt til nokon av dei obligatoriske læringsaktivitetane.
Obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjende for at studenten kan framstille seg til eksamen.
Vurderingsform
Ein praktisk eksamen der studenten skal planlegga og gjennomføra eit undervisingsopplegg, som inkluderer eit refleksjonsnotat og ein fagleg samtale i etterkant.
Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel