Hopp til innhald

MGUMAT302 Matematikk 2, emne 1 - Perspektiv på matematikkfaget

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

I Matematikk 2 skal studentane fordjupe seg i nokre av dei matematikkdidaktiske og matematikkfaglege tema frå Matematikk 1 . Fokuset er meir konsentrert og forskingsretta enn  Matematikk 1

Matematikk 2 er delt opp i følgjande emne:

  • Emne 1: Perspektiv på matematikkfaget (15 studiepoeng)
  • Emne 2: Problemløysing og handlingskompetanse i matematikk (15 studiepoeng)

Til saman dekker emne 1 og 2 læringsutbyttet for Matematikk 2 slik det er skildra i dei Nasjonale retningslinjene for Grunnskolelærerutdanning 5-10.

Denne planen omtalar emne 1.

Emne 1 har fokus på tre sentrale perspektiv knytt til matematikkfaget.

  • Matematikk som allmenndannande fag og matematikk i samspel med andre fag, kultur, filosofi og samfunnsutvikling
  • Matematikkfagets betydning for utvikling av kritisk demokratisk kompetanse hjå elevane
  • Tilpassa opplæring.

Matematikkfaglege tema i emne 1 er matematisk analyse, statistiske metodar, funksjonslære og matematiske modellering. Gjennom arbeidet med emnet skal studentane få innsikt i sentrale omgrep i disse temaa. Det vert arbeidd med rolle og bruk av matematiske modellar i ein fagleg prosess- og i eit  danningsrelatert perspektiv. Tilpassa opplæring vert vektlagt i emnet. Studentane skal settje seg inn i nyare matematikkdidaktisk forskning knytt til tema i emnet, og utvikle ferdigheteir og kompetanse i å vurdere læring og legge til rette for tilpassa opplæring for alle elevar.

Det er forventa at studenten i forbindelse med dei obligatoriske læringsaktivitetane søker støtte for valg og analysar i pensumrelevante matematikkdidaktiske artiklar.

Læringsutbytte

 Ved fullført emne skal studenten ha følgande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om funksjonslære, matematisk analyse, statistikk metode og enkle matematiske modellar med særleg vekt på progresjon i disse emna gjennom grunnskolen
  • har inngåande kunnskap om interaksjonsmønster, kommunikasjon og språket si rolle for læring av matematikk
  • har kunnskap om rolle og bruk av matematiske modellar i ein fagleg prosess- og i eit danningsrelatert perspektiv
  • har kunnskap om matematikkdidaktisk forskning med relevans for utvikling av undervisningskunnskap i matematikk og elevar si læring i faget
  • har kunnskap om tilpassa opplæring og om flerkulturalitet som ressurs i matematikkfaget

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke digitale verktøy til illustrasjon, simuleringar og berekningar knytt til matematiske modellar
  • kan legge til rette for arbeidet til elevar med modellering i ulike didaktiske perspektiv
  • kan formidle spesialkunnskap innan eit utvalt matematikkdidaktisk og/eller matematikkfaglege emne
  • kan vurdere læringa til elevar i faget som grunnlag for tilrettelegging av undervisning og tilpassa opplæring
  • kan tilpassa opplæringa i matematikk ut fra elevane sine behov og gjeldande læreplan
  • kan kommunisere med elevar, lytte til, vurdere, gjere bruk av elevar sine innspel og stimulere elever si matematiske tenkning i arbeid med matematiske analyse, statistikk, funksjonslære og modellering.

Generell kompetanse

Studenten

  • har forståelse for betydningen til matematikk som allmenndannande fag og faget sitt samspill med andre fag, kultur, filosofi og samfunnsutvikling
  • har forståelse for betydningen til matematikkfaget i utvikling av kritisk demokratisk kompetanse

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MGUMA101 Undervisning i matematikk

MGUMA201 Læring i matematikk

(det siste sifferet kan vere endra)

Undervisnings- og læringsformer

Detaljar i samband med organisering av undervisning i emnet vil kome fram i semesterplanen som blir utdelt ved oppstarten av emnet. Gjennom studiet skal studentane få erfaring med arbeidsformer som er relevante i grunnskolen, og som skal gi grunnlag for diskusjonar om dette i skolen.

Det blir brukt forelesningar, diskusjonar, presentasjonar, gruppearbeid og individuelt arbeid.

Deler av pensum er sjølvstudium og det vert anbefalt at lærestoffet vert bearbeidd gjennom kollokviegrupper. Rettleiing inngår som ein naturleg del i dei fleste aktivitetar.

Obligatorisk læringsaktivitet

To obligatoriske læringsaktivitet:

  • Ein av dei obligatoriske læringsaktivitetane skal knyttast til emnets matematikkfaglege og didaktiske tema.
  • Ein av dei obligatoriske læringsaktivitetane skal knyttast til praksis. Det skal leverast ein skriftleg rapport.

Dei to obligatoriske læringsaktivitetane kan slåast saman. Dette vil bli nærare omtalt i framdriftsplanen.

Ytterlegare presiseringar knytta til om obligatoriske læringsaktiviteter individuelt eller i gruppe, og om det er skriftleg eller muntleg, kjem fram av semesterplanen.

Noen av undervisningsøktene vil være obligatoriske. Hvilke økter dette er snakk om, vil framkomme i semesterplanen som utdeles ved semesterstart.

Begge arbeidskrav må være godkjent av faglærer før studenten kan fremstille seg til eksamen. Hvis et arbeidskrav blir vurdert som ikke godkjent, skal det gis skriftlig tilbakemelding om dette. Studenter som ikke får godkjent ett eller flere arbeidskrav, får tilbud om å rette opp feil og mangler (1 gang) eller gjennomføre alternativt arbeidskrav gitt av faglærer. Datoen for nytt forsøk må være i gjeldende semester og i henhold til gitte frister.

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 6 timar.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Informasjon om tillatne hjelpemiddel vert gitt av emneansvarleg faglærer. 

Meir om hjelpemiddel