MGUNOR302 Norsk på ungdomssteget 1: Språk, kultur og historie
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Norsk 2 emne 1 - Språk, kultur og historie (MGUNOR302) bygger på Norsk på mellomsteget 1: Språk- og tekstkunnskap og Norsk på mellomsteget 2: Litteratur- og tekstkunnskap.
Emnet går parallelt med MGUNOR402 Norsk på ungdomssteget 2: Litteratur, kultur og historie
Emnet gir historisk bakgrunn og meir omfattande kunnskap om sentrale språklege emne, djupare innsikt i fagdidaktiske spørsmål i norskundervisninga og betre fagleg grunnlag for arbeid med læringsfremjande vurdering og tilpassa norskopplæring for alle elevar. Studentane får òg godt høve til å vidareutvikle eigne språkferdigheiter, eigen tekstkompetanse og eiga formidlingsevne.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har solid kunnskap om språkteoretiske omgrep og perspektiv og språkdidaktiske tilnærmingar.
- har solid kunnskap om språkleg variasjon i tale og skrift, norsk som første- og andrespråk og norsk i eit internasjonalt kontrastivt perspektiv.
- har solid kunnskap om språkhistorie, språklege endringsprosessar i eldre og nyare tid og gjeldande normering av nynorsk og bokmål.
- har kunnskap om andre nordiske språk, også samisk.
- har utvida innsikt i korleis elevar på ungdomssteget kan vidareutvikle skriveferdigheitene sine.
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruke grammatikk- og språkkunnskap i analyse av munnlege, skriftlege og samansette tekstar.
- kan gi tilpassa opplæring for minoritetselevar med ulike ferdigheiter i munnleg og skriftleg norsk.
- kan setje i gang, rettleie og vurdere skriftleg tekstproduksjon hos elevar på ungdomssteget, kan formulere relevante kriterium for vurdering og grunngi karakterane ein set.
- kan lese, tolke og reflektere over akademiske fagtekstar på norsk, skandinaviske språk og engelsk.
- kan skrive akademiske fagtekstar på nynorsk og bokmål.
Generell kompetanse
Studenten
- har innsikt i skulefaget si historie og eigenart som språk-, kultur- og danningsfag.
- kjenner til norskdidaktisk forsking og utviklingsarbeid og kan drøfte faghistoriske problemstillingar.
- kan formidle fagstoff om språk, tekstar og medium i relevante uttrykksformer.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Norsk 2 emne 1 - Språk, kultur og historie (MGUNOR302) bygger på Norsk på mellomsteget 1: Språk- og tekstkunnskap og Norsk på mellomsteget 2: Litteratur- og tekstkunnskap.
Undervisnings- og læringsformer
Studentane skal vere både mottakarar, aktive deltakarar, samtalepartnarar, rettleiarar for medstudentar og observatørar i klasserommet. Emnet skal ha varierte arbeidsformer og obligatoriske læringsaktivitetar. Arbeidsformene vil vere forelesing, rettleiing, studentframlegg, utveksling av røynsler og arbeid i større og mindre grupper. Studentane skal utvikle evna til å lese og skrive akademiske tekstar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Dei obligatoriske læringsaktivitetane i emnet følgjer av kva studenten vel til semesteroppgåve. Dersom studenten skriv semesteroppgåve med tema som soknar til dette kurset (språkleg e.l.), er dei obligatoriske læringsaktivitetane å delta på oppgåveseminaret til semesteroppgåve.
Dersom studenten ikkje vel semesteroppgåve med tema som soknar til dette kurset, skal han/ho ha tre obligatoriske læringsaktivitetar, minst to skriftlege. To av dei inngår i vurderingsmappe.
Alle obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Studentar som ikkje får godkjent ein obligatorisk læringsaktivitet, får eitt (1) nytt forsøk same semester, innan ein frist sett av faglærar.
Godkjende obligatoriske læringsaktivtetar er gyldige semesteret etter godkjenninga.
Innreisande studentar kan bruke svensk eller dansk i tale og skrift.
Vurderingsform
Studenten skal skrive semesteroppgåve enten i MGUNOR302 eller MGUNOR402.
Dersom studenten skriv semesteroppgåve i gjeldande emne, MGUNOR302, er eksamen denne:
- Individuell eller parvis skriftleg semesteroppgåve. Oppgåva skal vere profesjonsretta. Målform: Valfri.
- Munnleg eksamen.
- Vekting: Oppgåve 60 % og munnleg eksamen 40 %. Karakterskala: A-F, der F er ikkje greidd. Begge delar må være greidde for å få karakter i emnet. Ved ikkje greidd på ein av delane, kan den delen som ikkje er greidd bli tatt som ny eksamen.
Dersom studenten skriv semesteroppgåve i emne MGUNOR402, er eksamen i gjeldande emne, MGUNOR302, denne:
- Mappevurdering av to av i alt tre innleverte tekstar. Målform: Bokmål og nynorsk.
- Munnleg eksamen.
- Vekting: Oppgåve 60% og munnleg eksamen 40%. Karakterskala: A-F, der F er ikkje greidd. Begge delar må være greidde for å få karakter i emnet. Ved ikkje greidd på ein av delane, kan den delen som ikkje er greidd bli tatt som ny eksamen.
Innreisande studentar kan bruke svensk eller dansk i tale og skrift.
Hjelpemiddel ved eksamen
- Semesteroppgåve: alle.
- Munnleg eksamen: ingen.
- Mappevurdering: alle.