Hopp til innhald

MGUSA201 Samfunnsfag 1, emne 2 - Innføring i samfunnsfag 2

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Lærarutdanningsfaget samfunnsfag skal førebu studentane til profesjonsrolla som samfunnsfaglærar på mellom- og ungdomstrinnet, med særleg vekt på å vidareutvikle grunnleggjande ferdigheiter og kompetansemål på mellom- og ungdomstrinnet. Sentralt i studiet står elles arbeid med tilpassa opplæring og vurdering. 

Samfunnsfagsstudiet i grunnskulelærarutdanninga er internasjonalt orientert både i innhaldet og i formidlinga av faget. Faget inneheld elles ei balansert innhaldsfordeling mellom geografi, historie og samfunnskunnskap. 

Innhald i emnet er sentrale tema i kunnskapsområda, historie, geografi og samfunnskunnskap. Det vert lagt vekt på korleis ein ved hjelp av fagdidaktikk kan formidle desse temaa i skulen.   

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:  

Kunnskapar  

Studenten

  • har kunnskap om vitskaplege teoriar og metodar i geografi, historie og samfunnskunnskap  
  • har kunnskap om fagdidaktisk teori og forsking i samfunnsfaget i skulen som er særleg knytta til grunnleggjande ferdigheiter, tilpassa opplæring, vurdering og arbeidet med kompetansemål på mellom- og ungdomstrinnet.  
  • har kunnskap om menneskerettar, medborgarskap, demokrati og demokratiseringsprosessar  
  • har kunnskap om ideologiar, makt og politiske system  
  • har kunnskap om konfliktar og samarbeid i geografisk, historisk og samfunnsvitskapleg perspektiv  
  • har kunnskap om samspelet mellom befolkning, berekraftig utvikling, ressursar, mobilitet og globalisering 
  • har kunnskap om digitale kjelder og kjeldekritikk  

Ferdigheiter  

Studenten

  • kan reflektere over ulike dimensjonar ved demokratiomgrepet og legge til rette for demokratisk praksis i skulen  
  • kan leie læringsprosessar med særleg vekt på å vidareutvikle grunnleggande ferdigheiter og kompetansar og sikre progresjon i opplæringa  
  • kan finne, vurdere og tolke ulike typar kjelder for å legge til rette for gode læringsprosessar  
  • kan reflektere over praksis og praksisplanlegging, leiing av læringsarbeid og vurdering av dette som grunnlag for læringsretta tilbakemelding  

Generell kompetanse  

Studenten

  • kan reflektere sjølvstendig og kritisk over samfunnsfaglege spørsmål  
  • har overblikk over periodar og utviklingsmønster og kan gjere greie for korleis historie og kultur blir konstruert  
  • kan reflektere sjølvstendig og kritisk over fagdidaktiske spørsmål knytt til opplæringa på mellom- og ungdomstrinnet 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MGUSA101

Undervisnings- og læringsformer

Førelesing, gruppearbeid, individuelt arbeid, ekskursjonar og skriftleg arbeid. 

Obligatorisk læringsaktivitet

Profesjonsfagleg digital kompetanse: Planlagt undervisning ved hjelp av digitale verktøy. Gjennomføring i praksisperioden og erfaringsdeling etter praksis. 

Individuelt skriftleg arbeid. Retningsliner vil bli gjett ved semesterstart. 

Vurderingsform

Individuell skriftleg skuleeksamen, 6 timar. 

Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd. 

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel