Hopp til innhald

MIDR400 Vitskapsteori og forskingsmetode

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Emnet gir eit vitskapsteoretisk grunnlag for å forstå ulike vitskaplege perspektiv og teoriar, og deira relevans for idrettsforsking generelt og forskingsmetodiske tilnærmingar spesielt. Kritisk vurdering av forskingslitteratur og framgangsmåtar i kvalitative og kvantitative forskingsmetodar, inkludert forskingsetiske problemstillingar, står sentralt i emnet. Studentane skal vere i stand til å bruka sentrale omgrep, vurdere kva forskingsdesign som kan nyttast for å undersøkje ulike problemstillingar og gjere gode tolkingar av funn i høve til valt design.

Følgjande tema vil bli vektlagt:

  • Vitskapsteori og forskingsetikk
  • Forskingsdesign
  • Kvalitativ forskingsmetode
  • Kvantitativ forskingsmetode

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte: 

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om sentrale vitskapsteoretiske teoriar og posisjonar, og deira relevans for idrettsforsking generelt og for eige interesseområde spesielt
  • har kunnskap om etikk og moral i forsking
  • har avansert kunnskap om styrkar og veikskapar ved ulike kvalitative og kvantitative forskingsdesign og metodar
  • har inngåande kunnskap om sentrale omgrep knytt til  idrettsvitskaplege forskingsdesign og metodar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan formulere ei problemstilling og velgje forskingsdesign for å undersøkje problemstillinga
  • kan analysere og reflektere over vitskapsteoretiske og forskingsmetodiske utfordringar i idrettsforsking generelt og i eige fagområde spesielt

Generell kompetanse

Studenten

  • kan planlegge, designe, tolke og vurdere kvalitativt og kvantitativt forskingsarbeid
  • kan kommunisere om vitskapsteoretiske og metodiske omgrep med både ekspertar og allmenta
  • kan reflektere rundt forsking som etisk og moralsk prosess, inkludert rolla til forskaren i forskingsprosessen

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er i stor grad veksling mellom førelesingar og studentaktive læringsformer, som eige arbeid med oppgåver, studentpresentasjonar, arbeid i grupper og plenumsdiskusjonar.  

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen del 1:

Vitskapsteori og forskingsetikk:

  • Ein munnleg gruppepresentasjon av vitskapsteoretiske omgrep og posisjonar
  • Eit individuelt skriftleg arbeid om vitskapsteoretiske utfordringar som er knytt til ei idrettsfagleg problemstilling og oppbygnaden av eit idrettsvitskapleg prosjekt

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen del 2:

Kvalitativ forskingsmetode:

  • To munnlege presentasjonar i gruppe knytt til planlegging, gjennomføring og analyse av: 1. intervju som forskingsmetode, 2. observasjon som forskingsmetode.

Kvantitativ forskingsmetode:

  • To munnlege presentasjonar i gruppe knytt til: 1. observasjonelle forskingsdesign, 2. eksperimentelle forskingsdesign.

Vurderingsform

Sluttvurderinga er todelt, der begge deleksamenane må vera bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen takast opp att åleine.

Del 1: Vitskapsteori og forskingsetikk. Individuell skriftleg oppgåve. Vekting: 33%

Del 2: Kvalitativ og kvantitativ forskingsmetode. Individuell skriftleg skuleeksamen, fem timar. Vekting: 67%.

Karakterskala: A-F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Del 1: Alle; Del 2: Ingen

Meir om hjelpemiddel