MIDR401 Perspektiv på bevegelse
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Emnet gir innsikt i ulike perspektiv på bevegelse frå ulike fagtradisjonar. Bevegelse blir i emnet omhandla som kunnskap om fysisk aktivitet, læring og trening i ulike kontekstar som fritid, oppvekst og utdanning.
Emnet tek opp teoriar, omgrep, problemstillingar og praktiske døme som omhandlar kva det betyr å vere i bevegelse, og korleis ulike personar lærer i bevegelse. Ulike sider ved å vere i bevegelse, samt korleis og kvifor det kan vere gunstig for prestasjon, folkehelse og kroppsleg læring, blir belyst gjennom kvantitative og kvalitative perspektiv. Eit gjennomgåande fokus vil vere korleis ein kan fremje bevegelse i ulike kontekstar.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har inngåande kunnskapar om korleis ein kan forstå og studera bevegelse frå kvalitative og kvantitative perspektiv
- har spesialisert kunnskap om bevegelse frå ulike fagtradisjonar
- kan vurdere betydinga av bevegelse i ulike kontekstar på individ- og samfunnsnivå
- kan analysere forholdet mellom teoretisk og praktisk kunnskap knytt til bevegelse
Ferdigheiter
Studenten
- kan analysere og vurdere vitskapleg arbeid og andre informasjonskjelder relevante for bevegelse i ulike kontekstar
- kan vurdere relevans og nytte av ulike målemetodar og evalueringsformer av bevegelse frå ulike perspektiv
Generell kompetanse
Studenten
- kan diskutere sentrale perspektiv på- og problemstillingar knytt til bevegelse med både ekspertar og allmenta
- kan utvikla sjølvstendige spørsmål og hypotesar om fysisk aktivitet, læring og trening i ulike kontekstar
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er i stor grad veksling mellom førelesingar og studentaktive læringsformer som seminar, gruppearbeid, studentpresentasjonar, fagfellearbeid og individuelt fordjupingsarbeid.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:
(1) Aktiv deltaking på obligatoriske seminar der studentane legg fram og drøftar fagartiklar, arbeider i testlaboratorium eller sal og fungerer som fagfelle på medstudenttekst. Seminara er knytt til læringsutbytta om å analysere og vurdere vitskapleg arbeid, vurdere nytte av målemetodar og evalueringsformer av bevegelse, samt å kunne diskutere sentrale perspektiv på bevegelse.
(2) Ei individuell skriftleg innlevering over sjølvvalt og godkjent problemstilling (8-10 sider) knytt til begge læringsutbytta under generell kompetanse, der studentane både skal kunne utvikle sjølvstendige spørsmål og hypotesar, samt diskutere sentrale perspektiv om trening, fysisk aktivitet og læring i ulike kontekstar.
(3) Ein presentasjon i gruppe over eit oppgitt tema (20 min. presentasjon med diskusjon etterpå). Presentasjonen er knytt til læringsutbyttet om å kunne diskutere sentrale perspektiv på- og problemstillingar knytt til bevegelse med både ekspertar og allmenta. For å presentere og leie ein diskusjon, vil alle læringsutbytta knytt til kunnskap og ferdigheiter vere sentrale.
Vurderingsform
Individuell munnleg eksamen, 30 minutt.
Eksamen inneheld ein fagleg samtale kring den skriftlege innleveringa i emnet (arbeidskrav 2) (vekta 40%) og ein fagleg samtale kring trekt problemstilling (vekta 60%).
Det blir gitt 30 minutt førebuingstid etter at studenten har trekt problemstilling.
Karakterskala: A-F, der F er ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel