Hopp til innhald

MIDR403 Fysisk aktivitet og folkehelseprosjekt

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

I emnet lærer studenten å planlegge gjennomføring og evaluering av eit prosjekt innanfor tema fysisk aktivitet og fremming av helse i ein populasjon. Studenten skal i dette emnet utvikle sjølvstende i og kritisk vurdering av folkehelsearbeid.

Emnet fokuserer på folkehelseoversikt, folkehelsetiltak med fysisk aktivitet, målemetodar for fysisk aktivitet, medverknad, organisering og evaluering av prosjekt, og korleis sosial ulikheit og kulturelle forståingar av fysisk aktivitet og helse får konsekvensar på individ-, gruppe- og samfunnsnivå.

Emnet legg opp til arbeid i grupper der studentar i samarbeid med ein ekstern oppdragsgjevar utviklar sitt prosjekt. Emnet inkluderer fire skriftlege innleveringar som studentane vil få tilbakemelding på.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte: 

Kunnskapar

Studenten

  • har inngåande kunnskap om ulike perspektiv på helse
  • har inngåande kunnskap om folkehelse, faktorar som påverkar helse og livskvalitet og sosial ulikhet i helse på befolkningsnivå
  • kan gjere greie for sentrale føringar for folkehelsearbeid og fysisk aktivitet

 

Ferdigheiter

Studenten

  • kan innhente kunnskap om, og vurdere verknader av, nasjonale og internasjonale tiltak for å auke befolkninga sitt fysiske aktivitetsnivå
  • kan vurdere relevante målemetodar og evalueringsformer som nyttast innanfor forsking på fysisk aktivitet og folkehelse
  • kan planlegge og evaluere eit folkehelseprosjekt som omhandlar fysisk aktivitet 
  • kan legge til rette for medverknad i folkehelseprosjekt

 

Generell kompetanse

Studenten

  • kan samarbeide med andre om utvikling av eit prosjekt
  • kan analysere korleis ulik kulturell forståing av fysisk aktivitet og folkehelse får konsekvensar på individ-, gruppe- og samfunnsnivå
  • kan munnleg og skriftleg presentere og kritisk reflektere om eit eigenutvikla prosjekt

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene i dette emnet veksler mellom forelesingar og studentaktive læringsformer som seminar, prosjektarbeid, og studentpresentasjonar. Studentane skal samarbeide både med medstudentar og eksterne aktørar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  1. Skriftleg innlevering som omhandlar folkehelse og folkehelsetiltak med fokus på fysisk aktivitet. Kopla til læringsutbytte "kjenner til sentrale nasjonale og internasjonale tiltak for å auke befolkninga sitt aktivitetsnivå".
  2. Plan for medverknad i prosjektet. Kopla til læringsutbytte "kan legge til rette for medverknad i folkehelseprosjekt".
  3. Plan for datainnsamling og analyse. Kopla til læringsutbytte "kan vurdere relevante målemetodar og evalueringsformer som nyttast innanfor forsking på fysisk aktivitet og folkehelse".
  4. Plan for evaluering og tilbakeføring av kunnskap til oppdragsgjevar. Kopla til læringsutbytte "kan planlegge og evaluere eit folkehelseprosjekt der fysisk aktivitet nyttast som verkemiddel".
  5. Munnleg presentasjon og kritisk vurdering av prosjektet for medstudentar og eksterne aktørar. Kopla til læringsutbytte "kan munnleg og skriftleg presentere og kritisk reflektere om eit eigenutvikla prosjekt".

Vurderingsform

Gruppeinnlevering (rapport) som inkluderer emnet sine obligatoriske læringsaktivitetar nr 1 til 4. Karakterskala: A-F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel