Hopp til innhald

MIDR404 Danning og læring i idrett og friluftsliv

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Emnet tar opp ulike perspektiv på læring og korleis desse kan brukast til å forstå og fremje læring innan oppvekst, utdanning, idrett og friluftsliv.  

Samanhengar mellom teoretisk og praktisk kunnskap, og samanhengen mellom ulike læringsperspektiv og didaktiske arbeidsmetodar står sentralt i emnet. 

Stikkord for emnet vil være: 

  • Læringsperspektiv og didaktiske arbeidsmetodar 
  • Leiing og beslutningstaking innan idrett og friluftsliv 
  • Psykologiske teoriar om motivasjon og læring 
  • Danningsperspektiv knytt til leiing og læring innan oppvekst, utdanning, idrett og friluftsliv 

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:  

Kunnskapar 

Studenten

  • har inngåande kunnskap om ulike perspektiv på læring, danning og didaktiske arbeidsmetodar 
  • har inngåande kunnskap om forholdet mellom undervising og læring, og kan på bakgrunn av dette reflektere over bruken av fagdidaktisk kunnskap i konkrete læringssituasjonar som trenar, lærar og vegleder 
  • har inngåande kunnskap om motoriske og psykologiske perspektiv på læring av bevegelsar 
  • har inngåande kunnskap om deltaking i idrett og friluftsliv ut i frå eit berekrafts- og livsmeistringsperspektiv 

Ferdigheiter 

Studenten

  • kan analysere og reflektere over relevante læringsperspektiv nytta i forskings- og utviklingsarbeid 
  • kan bruke forskingsbasert kunnskap i kommunikasjon om undervisning, læring og danning 

Generell kompetanse 

Studenten

  • kan bruke innsikt om læringsprosessar i oppvekst, utdanning, idrett og friluftsliv for å endre åtferd, vanar og praksisfellesskap 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er i stor grad veksling mellom førelesingar og studentaktive læringsformer som seminar, gruppearbeid og individuelt fordjupingsarbeid.   

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:  

  • To skriftlege arbeidskrav, kvart med omfang på 1500 ord  
  • Krav om deltaking på to seminar med framlegg 

Arbeidskrava er knytt opp til skriftleg og munnleg kommunikasjon av forskingsbasert kunnskap om undervising, læring og danning i idrett og friluftsliv. 

Vurderingsform

Individuell skrifteleg heimeeksamen der studenten vel ein av to eller fleire definerte oppgåver.

Tid: 5 dagar 

Karakterskala: A-F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel