Hopp til innhald

MIDR506 Masteroppgåve i idrettsvitskap

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

I emnet får studenten innsikt og erfaring i å planlegge, gjennomføre og rapportere eit sjølvstendig vitskapeleg prosjekt. Arbeidsform er hovudsakleg individuelt arbeid under rettleiing av ein eller fleire fagpersonar med relevant fagbakgrunn. Det blir arrangert tre dagsseminar i emnet med innhald tilpassa normal framdrift. Masteroppgåva er ei individuell oppgåve og skal leverast som ein vitskapleg monografi eller artikkel med utvida teori og metode. 

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte: 

Kunnskapar 

Studenten

  • har inngåande kunnskap om å planlegge, legge til rette for og gjennomføre eit forskingsprosjekt 
  • har inngåande kunnskap om forskingsmetodar i idrettsvitskap 
  • har avansert kunnskap om eit avgrensa idrettsvitskapleg fagområde 

Ferdigheiter 

Studenten

  • kan bruke relevante forskingsmetodar til innsamling og analyse av data 
  • kan gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt under rettleiing og i samsvar med gjeldande forskingsetiske normer 

Generell kompetanse 

Studenten

  • kan bruke sine kunnskapar innan idrettsvitskap på nye område for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt 
  • kan bidra til nytenking, innovasjonsprosessar og utvikling av ny kunnskap i idrettsvitskap 
  • kan analysere og forholda seg kritisk til vitskaplege arbeid og andre informasjonskjelder, og bruke desse til å utforme faglege resonnement 

Krav til forkunnskapar

For å få levere masteroppgåva må alle emner i første og andre semester være bestått

Undervisnings- og læringsformer

I dette emnet skal studenten sjølvstendig og i samarbeid med rettleiar(ar) planlegge, gjennomføre og rapportere frå masterprosjektet sitt i samsvar med retningslinjer for masteroppgåve. Studenten får oppnemnt rettleiar og eventuelt medrettleiarar. Det blir arrangert tre dagsseminar i emnet som er tilpassa normal studieprogresjon og har fokus på studentaktive læringsformer. 

Obligatorisk læringsaktivitet

Der er ingen obligatoriske læringsaktiviteter knytt til emnet. 

Vurderingsform

Skriftleg individuell masteroppgåve med justerande munnleg eksamen.  

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått. 

 

Ved karakter A-E på den skriftlege oppgåva, skal studenten gjennomføre justerande munnleg eksamen som har to delar:  

  • Ein open presentasjon av masteroppgåva på 10-15 minutt 
  • Ein påfølgjande lukka munnleg eksaminasjon med utgangspunkt i oppgåva 

Samla tid for den munnlege delen er ca. 1 time. Justerande munnleg eksamen kan justere karakteren på bestått resultat, som er sett på oppgåva på førehand, opp eller ned med maksimalt ein karakter. Studenten skal etter justerande munnleg eksamen få ei munnleg grunngjeving for karakteren. 

Dersom masteroppgåva ikkje er bestått, er det mogleg å levere forbetra versjon i påfølgjande semester. Det er berre mogleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong.  

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel