Hopp til innhald

MKUF501D Musikkfagleg profesjonsutvikling

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Emnet har fokus på sentrale tema innan musikkpedagogisk, musikkdidaktisk, estetisk og kunstnarisk verksemd. Studentane skal gjennom litteraturstudiar, tekstproduksjon og praktisk, skapande arbeid gjera seg kjent med teoriar, omgrep, perspektiv og debattar innan desse fag- og forskingsfelta. Koplinga mellom teoretisk og praktisk arbeid står sentralt i emnet. Det er eit viktig poeng at ein legg til rette for at studenten skal gjerast i stand til å sjå samanhengar mellom forskingsbasert kunnskap og eigen profesjonsidentitet, til dømes gjennom produksjon av podcast eller utarbeiding av kronikk. I emnet blir det lagt vekt på studentaktive læringsformer og sjølvstendig og kritisk bearbeiding av pensum.

Emnet blir avslutta med mappevurdering der studentane legg inn arbeid dei har jobba fram gjennom semesteret. I emnet er det lagt inn ein obligatorisk læringsaktivitet knytt til praktisk, skapande arbeid.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten har inngåande kunnskap om

  • musikkpedagogikk som fagområde og forskingsfelt
  • musikkdidaktisk teori og praksis
  • fagdidaktiske og musikkpedagogiske grunnlagsproblem
  • estetiske læreprosessar

Ferdigheiter

Studenten kan

  • bruke, drøfte og vurdere kritisk vitskaplege tekstar og forskings- og utviklingsarbeid innan fagområdet og relatere arbeida til det musikkpedagogiske og fagdidaktiske feltet
  • analysere faglege problemstillingar med utgangspunkt i fagområdet sine tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet
  • arbeide praktisk og reflektere over eigen musikkutøving i lys av teoriar om kreativitet og/eller improvisasjon
  • anvende relevant teknologi i formidling av og arbeid med musikkpedagogiske, fagdidaktiske og/eller kunstnariske tema

Generell kompetanse

Studenten kan

  • kommunisere skriftleg og munnleg om musikkpedagogiske og fagdidaktiske problemstillingar og tema på ein analytisk og systematisk måte
  • formidle sjølvstendig arbeid til forskingsmiljø og praksisfelt og meistre uttrykksformene innan fagområdet
  • analysere og kritisk vurdere didaktiske og kunstnariske praksiser innanfor fagområdet

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga vil vera samlingsbasert og nettstøtta. Arbeidsformene i emnet vil veksle mellom gruppearbeid, forelesingar, litteraturstudiar, praktisk arbeid, rettleiing, studentframlegg og bruk av nettbaserte ressursar.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Eit praktisk, utøvande arbeid
  • Gjennomføring av oppgåver som førebuing til samlingar og framlegging av arbeid på samlingar og nettmøter
  • Innlevering av tre artikkelsamandrag

Obligatoriske læringsaktivitetar blir nærare presisert ved semesterstart.

Vurderingsform

Mappeeksamen

Innhald:

  • Ein refleksjonstekst eller kronikk basert på samandrag av artiklar.
  • Podcastproduksjon eller populærvitskapleg presentasjon knytt til sjølvvalt profesjonsarena

Gradert karakter. Karakterskala A - F der F tilsvarer ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel