MPUV502B IKT i læring 2 - Skapande arbeid med digitale verktøy
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Emnet skal gi avansert og inngåande forståing om bruk av ulike typar digitale utviklingsverktøy for skapande arbeid i fag og tverrfaglege prosjekt. Det vert lagt vekt på å dra linjer frå enkle språk og utviklingsverktøy, til meir generelle og overordna prinsipp. Det vert fokusert på fagleg og teknologisk utvikling av læringsressursar, samt vurdering og refleksjon om bruk av IKT i skapande didaktisk arbeid.
I emnet skal studenten utvikla innsikt i koding og algoritmisk tankegang med utgangspunkt i faglege og tverrfaglege problemstillingar. I tillegg til å tileigna seg eigen utviklingskompetanse skal studentane få opplæring i bruk av utviklingsverktøy, koding og algoritmisk tankegang som pedagogisk reiskap og metode.
Emnet legg vekt på forskingsmetodar og læringsteoriar relatert til digitale utviklingsverktøy og pedagogisk bruk av IKT i opplæring. Emnet vil og omhandla IKT og skapande arbeid i eit teknologifilosofisk perspektiv. Dette skal danna eit forskingsbasert grunnlag for dei praktiske arbeidskrava.
Design av grafiske brukargrensesnitt og kommunikasjon er også sentrale tema, samt innføring i innsamling, handsaming og rapportering av datamateriale i sjølvstendig forskingsprosjekt. Ein legg stor vekt på studentaktive læringsformer i studiet.
I emnet vil følgjande tema bli vektlagt:
- Digitale læremiddel i skapande arbeid
- Digitale utviklingsverktøy for koding og algoritmisk tankegang
- Kritisk refleksjon og vurdering av pedagogisk bruk av IKT i opplæring, sett frå eit profesjonsfagleg, teknologisk og skapande perspektiv
- Teknologifilosofi
- Skapande arbeid og utvikling som del av ei berekraftig utvikling
Læringsutbytte
Emnet skal bidra til at kandidaten oppnår følgjande læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- Har inngåande oversikt og kunnskap om verktøy for koding
- Har inngåande oversikt over grunnleggjande og generelle prinsipp for koding
- Har inngåande kunnskap i design av interaktive læringsobjekt
- Har inngåande kjennskap til læringsteoriar knytt til skapande arbeid med digitale verktøy, og algoritmisk tankegang
- Har brei kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar innan emnet
- Har kjennskap til oppdatert forsking på feltet
Ferdigheiter
Studenten
- Kan bruka både spesielle og generelle utviklingsverktøy innan skapande arbeid og koding
- Kan reflektera over val av utviklingsverktøy med bakgrunn i læringsmiljø og læringsteoriar
- Kan analysera og reflektera over pedagogisk bruk av IKT i skapande arbeid
- Kan bruka utviklingsverktøy og koding i opplæring
- Kan reflektera over læraren sin profesjonsfaglege digitale kompetanse i skapande arbeid
- Kan utvikla problemstillingar og forskingsspørsmål knytt til skapande arbeid der digital teknologi inngår
Generell kompetanse
Studenten
- Kan designa og utvikla læremiddel
- Kan grunngje val av digitale utviklingsverktøy
- Kan kritisk reflektera over problemstillingar og analysera resultat knytt til samspelet mellom læring, skapande arbeid og IKT
- Kan arbeida vitskapleg i problemstillingar knytt til profesjonsfagleg digital kompetanse i skapande arbeid
- Har ei reflekterande haldning til bruk av IKT i skapande arbeid
- Kan følgja med i utvikling og innovasjon innan koding og algoritmisk tenking
- Kan bidra til innovasjon og utvikling av kunnskap og god praksis
- Kan setja utvikling og koding inn i eit berekraftig perspektiv
- Kan rettleia elevar i utvikling av ferdigheiter og forståing i bruk av IKT som reiskap for skapande arbeid
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Emnet vil bli lagt opp med samlingar, nettmøte, samt eige arbeid og rettleiing (individuelt og i gruppe) mellom samlingane.
Det er inntil to samlingar á 3 dagar i emnet.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Gjennomføra og levera oppgåver som førebuing til samlingane
- Framlegging av arbeid på samlingar
- Arbeid med digitale og praksisbaserte oppgåver (individuelt og i grupper) mellom samlingane
- Innlegg munnleg og skriftleg på nettmøte, diskusjonar (i grupper og i plenum)
Obligatorisk læringsaktivitet vert vurdert til godkjent/ikkje godkjent. Alle obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjende av faglærar før studenten kan framstilla seg til eksamen. Dersom ein læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal det ein gi skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktivitet får tilbod om å rette opp feil og manglar (1 gong) eller gjennomføra alternativ læringsaktivitet gitt av faglærar. Datoen for nytt forsøk må vera i gjeldande semester og innan gitte fristar, men seinast tre veker før eksamensperioden byrjar.
Vurderingsform
- Del 1: Mappevurdering. Arbeid som viser studenten si innsikt i utvikling av læremiddel i eit valt utviklingsverktøy samt refleksjon i forhold til relevant teori. Vekting 70% av endeleg karakter.
- Del 2: Heimeeksamen, 3 dagar. Studentane skal svara på ein av to problemstillingar, med utgangspunkt i pensum. Vekting 30% av endeleg karakter.
Karakterskala: A - F, der F svarar til ikkje bestått.
Begge delane må vera bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen som er ikkje bestått takast opp att åleine.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatne.
Meir om hjelpemiddel