MPUV502C Leiing 2 - Kunnskapsleiing og profesjonsutvikling
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Emnet rettar søkelys på læring i organisasjonar generelt, og spesielt korleis læringsprosessar kan leiast i utdannings- og oppvekstsektoren. I emnet tek ein opp tema som profesjonsutvikling, organisasjonslæring, organisasjonskultur, kunnskapsarbeid og leiing av kunnskapsprosessar i skular, barnehagar. Studentar lærer om ulike perspektiv på leiing, læring og utvikling i skular, barnehagar og korleis desse kan leiast og støttast frå andre deler av utdannings og oppvekstsystemet.
Læringsutbytte
Emnet skal bidra til at kandidaten oppnår følgjande læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- Har inngåande kunnskap om læring i organisasjonar og korleis læringsprosessar kan leiast
- Har inngåande kunnskap om teoriar om organisasjonskultur, profesjonsutvikling og kunnskapsarbeid
- Har avansert kunnskap om korleis leiarar på ulike nivå i utdannings- og oppvekstsektoren kan leie og støtte kollektive og individuelle læringsprosessar
Ferdigheiter
Studenten
- Kan bruke relevant teori på ein innovativ måte i utforming av og leiing av læringsprosessar og profesjonsutvikling i eigen yrkeskontekst
- Kan leie kunnskaps-, lærings- og profesjonsutvikling i skular, barnehagar eller utdanningsinstitusjonar
Generell kompetanse
Studenten
- Kan analysere utdanningspolitiske føringar og legge til rette for relevante lærings- og utviklingsprosessar i ein organisasjon
- Kan analysere behov og legge til rette for og støtte læraranes profesjonsutvikling på individuelt og kollektivt nivå
Krav til forkunnskapar
MPUV501C Ledelse 1 - Ledelse og lederroller i utdanning og oppvekstsektoren
Undervisnings- og læringsformer
Førelesningar og gruppearbeid på fysisk samling eller gjennom digitale samlingar. Øvingar og plenumsdiskusjonar. Individuell rettleiing.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Munnleg presentasjon med analyse av utviklingsbehov, med framlegg til forbetring
- Skriftleg tekst om kollektive læringsutfordringar på eigen arbeidsplass
- Deltaking i gruppearbeid med tilbakemelding til medstudentar
Obligatorisk læringsaktivitetane vurderast til godkjent/ikkje godkjent. Alle obligatoriske læringsaktivitet må være godkjende av faglærar før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal det gis skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktivitet får tilbod om å rette opp feil og manglar (1 gang) eller gjennomføre alternativ læringsaktivitet gitt av faglærar. Datoen for nytt forsøk må være i gjeldande semester og innan gitte fristar, men seinast tre veker før eksamensperioden byrjar.
Vurderingsform
Heimeeksamen, 5 dagar. Maks omfang på 2500 ord. Litteraturliste i tillegg.
Karakterskala A - F, der F svarer til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel