Hopp til innhald

MPUV503 Undervisning og leiing i ein digital utdanningskontekst

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Emnet har som mål å utvikle studentane sine kunnskapar og ferdigheiter knytt til bruk av digitale verktøy som hjelpemiddel i undervisning og læringsstøtte, samt refleksjon rundt bruk av sosiale medium i ein fagleg samanheng.

I emnet skal ein tileigne seg kunnskap om tilrettelegging og bruk av digitale verktøy, spesielt retta mot spesialpedagogikk, og profesjonsfagleg digital kompetanse, der ein kan anvende ulike digitale hjelpemiddel didaktisk, og reflektere over bruk ut frå ulike livsløp og livsmeistringsperspektiv. Tilpassing og utvikling av IKT som verktøy i e-læring vert vektlagt.

Etiske problemstillingar knytt til bruk av digitale hjelpemiddel i undervisning og læring er og tema i emnet. Individuelle arbeidskrav og rettleiing vil bli innretta mot studieretningar i studiet. Emnet er obligatorisk for studieretningane:

  • Spesialpedagogikk
  • IKT i læring.

Læringsutbytte

Emnet skal bidra til at studenten oppnår følgjande læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • Har avansert og inngåande kunnskap om bruk av IKT som hjelpemiddel i undervisning og læring
  • Har inngåande kunnskap om digitale kommunikasjonshjelpemiddel og sosiale media, og kunne bruke desse i undervisning og læring
  • Har inngåande kunnskap om utvikling av digitale læringsdesign, e-læring
  • Har kjennskap til oppdatert og innovativ forsking og digitale hjelpemiddel innan fagfeltet

Ferdigheiter

Studenten

  • Kan analysere situasjonar, identifisere og prioritere relevante tiltak innan undervisning og læring
  • Kan legge til rette for didaktisk bruk av digitale verktøy
  • Kan anvende relevante hjelpemiddel knytt til brukarane si utvikling og læring i eit livsløpsperspektiv
  • Kan reflektere over bruk av IKT i ein opplæringskontekst
  • Kan reflektere over bruk av IKT i eit livsmeistringsperspektiv
  • Kan analysere og vurdere aktuelle digitale læremiddel i forhold til aktuelle brukargrupper og faglege kontekstar

Generell kompetanse

Studenten

  • Kan analysere etiske problemstillingar knytt til digitale hjelpemiddel i undervising og læring
  • Kan kommunisere om digitale problemstillingar knytt til undervisning og læring, med både foreldre og profesjonelle
  • Kan bruke kunnskapar om sosiale media og digitale ferdigheiter til førebygging og nytenking i undervisning og læring
  • Kan arbeide vitskapleg, med å identifisere, analysere og løyse utfordringar knytte til læraren sin profesjonsfaglege digitale kompetanse
  • Kan vurdere aktuelle digitale hjelpemiddel og sette dei inn i ein fagleg samanheng.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Studiet er samlingsbasert og nettstøtta. Det er inntil to samlingar á 3 dagar per semester i emnet.

Obligatorisk læringsaktivitet

Studentane skal gjennomføre to obligatoriske læringsaktivitetar i emnet.

1. Skriftleg arbeid tilsvarande 1500-2000 ord.

2. Munnleg/praktisk oppgåve.

Vurderingsform

Heimeeksamen, 3 dagar. Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel tillatne.

Meir om hjelpemiddel