MS1-323 Samhandling – brukar og profesjonell hjelpar
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Emnet fokuserer på samhandling med pasientar/brukarar med langvarige og samansette behov. Gjennom arbeid med teoretiske omgrep og forsking skal studentane få inngåande kunnskap om korleis pasientar/brukarar kan erfare sjukdom, helse, sosiale vanskar og nedsett funksjonsevne. Emnet rettar vidare merksemd mot utfordringar og ressursar i ulike livsfasar og overgangar, samt kva nære pårørande og det øvrige nettverket betyr for pasienten/brukaren og for samhandling med hjelpeapparatet. Kunnskap om ressursmobilisering, brukarmedverknad, autonomi, makt, avmakt og myndiggjering er sentralt.
Emnet fokuserer og på hjelparen si rolle i samhandling med brukaren og brukaren sitt nettverk, frivillig sektor og på tverrprofesjonell samhandling. Det blir lagt vekt på ei kontekstuell tilnærming i møta og på kva institusjonelle rammer og menneskesyn har å seie for samhandlinga. Ei hjelparrolle som er ressurs- og løysingsorientert, sjølvstendig og i stand til å utarbeide samordna og individualiserte tilbod vert løfta fram. Sentrale tema er difor relasjonskunnskap og -kompetanse, fagleg skjønn og fagetikk. Emnet vektlegg øving i å analysere samhandling mellom pasient/brukar og hjelpar i det komplekse hjelpeapparatet, utarbeide forskingsspørsmål, og stille kritiske spørsmål til etablert praksis og eksisterande kunnskap.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten...
- har avansert kunnskap om pasient/brukarrolla, brukarmedverknad og myndiggjering.
- har inngåande kunnskap om kva som kjenneteiknar pasientar/brukarar sine erfaringar og behov i eit kontekstuelt utviklings- og livsfaseperspektiv.
- har avansert kunnskap om ulike perspektiv på samhandlinga mellom hjelpar og pasient/brukar, brukaren sitt nettverk og i tverrprofesjonelle møte.
- inngåande kunnskap om etikk og fagleg skjønn som ledd i profesjonsutøving med pasientar/brukarar og i tverrprofesjonell samhandling.
Ferdigheiter:
Studenten...
- kan analysere vilkår for pasient/brukarmedverknad og myndiggjering for brukarar med samansette og langvarige behov.
- kan kritisk reflektere over kva nære pårørande og det øvrige nettverket betyr for pasientar/brukarar, samt legge til rette for samarbeid med og støtte til nettverket.
- kan mobilisere til pasient/brukarmedverknad.
- kan i samhandling med pasienten/brukaren og brukaren sitt nettverk identifisere og diskutere pasienten/brukaren sine ressursar og behov i eit kontekstuelt utviklings- og livsfaseperspektiv.
- kan analysere og reflektere kritisk over eiga rolle som profesjonsutøvar i lys av etiske og faglege perspektiv.
- kan utarbeide og legge til rette for samordna og individualiserte tenester innafor helse- og sosialtenester i samarbeid med pasienten/brukaren, brukaren sitt nettverk og det faglege teamet.
Generell kompetanse:
Studenten...
- kan kritisk reflektere over, analysere og legge til rette for god samhandling i det komplekse hjelpeapparatet.
- kan bruke vitskapleg litteratur om samhandling mellom pasient/brukar og profesjonell hjelpar til å analysere relevante problemstillingar.
- kan bruke kunnskapsbaserte argument i diskusjonar om samhandling innan helse- og sosialtenester på individ og gruppenivå.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Varierte undervisnings- og læringsformer blir nytta i emnet. På samlingane vert det førelesingar, gruppearbeid og seminar med framlegg og diskusjon. Mellom samlingane må studenten setje av tid til skriftleg arbeid individuelt og i gruppe, digitale læringsformer og sjølvstudium.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatorisk læringsaktivitet må være godkjend før studentane kan fremstille seg til eksamen.
- Innlevering av gruppetekst på min.1500 ord innan oppgitt frist.
- Deltaking på seminar med framlegg, medstudentrespons og tilbakemelding frå lærar.
Vurderingsform
Oppgåve
Individuell oppgåve med sjølvvald problemstilling. Omfang: 3500 ord +/- 10%.
Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A til F, der karakterane A til E er bestått og F er ikkje bestått.
Ny eksamen
Ved ikkje bestått leverer studenten bearbeidd, skriftleg oppgåvesvar til ny eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel