MS1-325 Samhandling, tenesteutvikling og innovasjon
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Emnet tar for seg ulike perspektiv på samhandling, tenesteutvikling og innovasjon. Emnet belyser korleis organisatoriske forhold og strukturer i velferdssamfunnet påverkar samhandling, tenesteutvikling og innovasjon. I innovasjons- og samskapingsprosessar vil tverrprofesjonalitetet og endringsleiing stå sentralt, og følgeleg vil emne fokusere på korleis ulike aktørar samproduserer kunnskap og tenester. Videre fokuserer emnet på etikk i innovasjons- og samskapingsprosessar der ulike interessentar inngår. Emnet vektlegg aktivt deltaking frå studentane der dei utviklar sjølvstendig evne til å analysere, identifisere og sette i verk tiltak for å utvikle, innovere og forbetre helse- og sosialtenester.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten...
- har inngåande kunnskap om ulike perspektiv på samhandling, tenesteutvikling og innovasjon.
- har inngåande kunnskap om korleis organisatoriske og strukturelle forhold påvirker samhandling, tenesteutvikling og innovasjon.
- har avansert kunnskap om korleis maktforhold på ulike nivå påvirker samhandling, tenesteutvikling og innovasjon.
- har avansert kunnskap om endringsledelse og fasilitering av samskapingsprosessar.
Ferdigheiter:
Studenten...
- kan kritiske vurdere behov for innovasjon og tenesteutvikling, skissere og sette i verk relevante tiltak.
- kan analysere og kritisk reflektere over aktuelle etiske problemstillinger i samskapingsprosessar der ulike interessenter inngår.
- kan bruke kunnskapar om fleirfagleg samarbeid på tvers av fag- og tenestegrenser for å betre tenestene og sette i verk innovasjon.
Generell kompetanse:
Studenten...
- kan bidra til nytenking rundt samskaping og samproduksjon i helse- og sosialtenesta for å oppnå reell deltaking.
- kan analysere behovet for å sette i verk innovasjon og forbedring av tenester på individ og systemnivå.
- kan sette i verk forbetringsarbeid og innovasjon i helse- og sosialtenesten,
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Emnet er nettbasert.
Førelesningar, sjølvstudium, gruppearbeid, framlegg og diskusjon
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatorisk læringsaktivitet må være godkjend før studentane kan fremstille seg til eksamen:
- Prosjektskisse i gruppe på ca. 2 sider
- Gruppefremlegg og medstudentrespons gjennomført
Vurderingsform
Oppgåve
Individuell oppgåve med eit omfang av 3500 ord +/- 10%.
Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått.
Ny eksamen
Ved ikkje bestått eksamen, skal studentane levere ein omarbeidd versjon av oppgåva til ny eksamen.