NOB801 Norsk 1, emne 1 - Norsk i begynnaropplæringa
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Norsk 1 1-7 Grunnutdanning (30 studiepoeng) tilsvarer obligatorisk norsk for lærarar med grunnskolelærarutdanning 1-7 og er retta mot lærarar som vil undervise i norsk på barnetrinnet. Studiet er delt i to emne: Emne 1 Begynnaropplæring (15 studiepoeng ) går hausten, og emne 2 Opplæring på mellomsteget går våren. Til saman gir dei to emna ei innføring i norsk språk og litteratur og i arbeidet med faget norsk i klasserommet.
Studiet er eit ledd i regjeringa si satsing på varig vidareutdanning (Kompetanse for kvalitet). Etter Forskrift til opplæringslova §14-2 må ein lærar ha 30 studiepoeng norsk for å undervise i faget på barnetrinnet. Krava til lese- og skrivekompetanse har auka sterkt dei siste tiåra, og det er eit uttalt ønske at norsklærarane aukar kompetansen sin på området lesing og skriving. Norsk 1 set studentane i stand til å møte desse krava og gir tilstrekkeleg kompetanse til å undervise på barnetrinnet.
Norsk er eit kunnskaps- og danningsfag, eit estetisk fag, eit språkfag og eit praktisk profesjonsfag. Å studere norsk som del av grunnskolelærarutdanninga handlar om å skaffe seg kunnskapar om norsk språk og norsk tekstkultur og om didaktiske teoriar knytte til norskopplæring.
Emne 1 Begynnaropplæring er innretta mot undervisning i norsk på dei fire lågaste klassetrinna i grunnskolen. Undervisning i lesing, skriving og munnleg bruk av språket står heilt sentralt. Studentane skal få forskingsbasert innsikt i desse emna. Dei skal lære om arbeidsmåtar som passar frå 1. til 4. trinn, få kjennskap til korleis ulike arbeidsmåtar kan brukast i faget og utvikle ei god forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om korleis barn utviklar språk og omgrep munnleg og skriftleg
- har kunnskap om ulike faglege og metodiske retningar innan lese- og skriveopplæring
- har kunnskap om språket som system og språket i bruk og kunnskap om den multimodale tekstkulturen for barn
- har kunnskap om barnelitteratur i ulike sjangrar for dei lågaste klassetrinna og om korleis denne litteraturen har utvikla seg over tid
Ferdigheiter
Studenten
- kan skrive bokmål godt og ha innsikt i skriftspråksnormering
- kan planleggje, vurdere og bruke varierte undervisningsmetodar i lese- og skriveopplæring og i skriftforming på 1. til 4. trinn
- kan bruke digitale verktøy som støtte i grunnleggjande lese- og skriveopplæring
- kan reflektere over tekstars kvalitet og bruksområde og leggje til rette for, gjennomføre og vurdere samtalar om litteratur
- har innsikt i den gjeldande læreplanen i norsk for 1. til 4. trinn
- kan vurdere ulike norskfaglege læringsressursar
Generell kompetanse
Studenten
- kan legge til rette for at elevane utviklar grunnleggande tekst- og språkferdigheiter
- har blikk for mangfaldet i elevgruppa og kan gjere greie for tilpassa fagdidaktiske val
- kan vurdere eigen praksis ut frå gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Emne 1 Norsk i begynnaropplæringa er eit nett- og samlingsbasert deltidsstudium. Mykje av kunnskaps- og informasjonsutvekslinga vil skje i studiestøttesystemet Canvas, og ein føreset at studentane lærer å bruke denne læringsplattforma aktivt. Emnet har dessutan tre todagarssamlingar. Mellom og etter samlingane skal studentane arbeide individuelt og i studiegrupper.
Studiet er organisert som ein kombinasjon av samlingar, sjølvstudium og nettbasert arbeid i grupper. Ein legg stor vekt på studentaktive læringsformer, der studenten er både mottakar, aktiv deltakar, rettleiar for medstudentar og observatør. Det er vidare ein føresetnad at studentane som følgjer studiet, deler kunnskapen og ferdigheitene dei tileignar seg, med lærarar i kollegiet på eigen skole.
Studiet har ikkje eigen praksisdel, men er praksisretta ved at eiga yrkeserfaring blir knytt til arbeidet. Studentane skal få prøve ut og reflektere over emne og fagstoff som blir tatt opp i undervisninga og sjå desse emna i samanheng med erfaringar og observasjon i eigen klasse.
Obligatorisk læringsaktivitet
Studentane må rekna at store delar av undervisninga er obligatoriske på grunn av obligatoriske læringsaktivitetar. Oversikt over dei obligatoriske læringsaktivitetane blir gitt ved semesterstart. Frammøte til desse læringsaktivitetane er å rekne som godkjent, og fråver blir å rekne som ikkje godkjent.
Studentane må levere og få godkjent tre obligatoriske arbeid for å få gå opp til eksamen. Tema for innleveringane blir kunngjorde ved studiestart. Oppgåvene skal skrivast på bokmål.
Godkjende læringsaktivitetar er gyldige i fire semester etter godkjenning.
Vurderingsform
Individuell heimeeksamen, ei veke. Målform: bokmål.
Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel