Hopp til innhald

NOB802N Norsk 1, emne 2 - Norsk på mellomsteget

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Norsk 1, del 2 , 1-7  Mellomsteget er eit vidareutdanningskurs for lærarar som vil undervise i norsk på småskulesteget og på mellomsteget.

Studiet er eit ledd i regjeringa si satsing på varig vidareutdanning (Kompetanse for kvalitet). Etter Forskrift til opplæringslova §14-2 må ein lærar ha 30 studiepoeng norsk for å undervise i faget på barnetrinnet.

Norsk 1 er delt i to modular à 15 studiepoeng. Haustsemesteret handlar om 1.-4. steg og vårsemesteret om 5.-7.steg. NOB802N, modul 2, gir eit teoretisk og didaktisk grunnlag for arbeid med den andre lese- og skriveopplæringa i klasserommet.

Undervisinga vil leggje vekt på korleis dei fagovergripande emna i Fagfornyinga kan bli integrerte i arbeidsmåtar som involverer lesing, skriving, munnlege aktivitetar og digitale ferdigheiter, og som også kan knytast til ulike kjerneelement i den nye norskplanen. Sentralt står språklege og litterære emne, fagdidaktiske spørsmål, respons og vurdering, arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, munnleg kommunikasjon og den andre lese- og skriveopplæringa for elevar med norsk som første- og andrespråk. Norsk 1 del 2 legg også vekt på at studentane skal utvikle eigne språkferdigheiter, eigen tekstkompetanse, eiga formidlingsevne og eigen digital kompetanse.

Begge modulane samla gir omfattande kompetanse til norskundervisning på små- og mellomsteget.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har omfattande tekst- og sjangerkunnskapar om munnlege, skriftlege og multimodale tekstar, både skjønnlitterære og sakprega, på nynorsk og bokmål, med vekt på teksttypar som er særleg relevante for mellomsteget
  • har god kunnskap om skriving og skrivestrategiar, og korleis elevar med norsk som førstespråk og norsk som andrespråk kan vidareutvikle skriveferdigheitene sine.
  • har god kunnskap om lesing og lesestrategiar, og korleis elevar med norsk som førstespråk og norsk som andrespråk kan vidareutvikla leseforståinga og leseferdigheitene sine
  • har kunnskap om nyare litteratur i ulike sjangrar og medium, på nynorsk og bokmål, for barn, unge og vaksne
  • har kunnskap om relevante litteraturteoretiske og litteraturdidaktiske omgrep og perspektiv
  • har kunnskapar om samisk språk, litteratur og kultur
  • har kunnskap om litteratur frå nyare tid som rettar seg mot born og ungdom
  • har kunnskap om kva som skal til for å tilpasse opplæringa til elevane sine føresetnader

Ferdigheiter

Studenten

  • kan planleggje, gjennomføre og vurdere norskundervisning på ulike trinn frå 1. til 7. trinn og grunngi faglege val
  • kan vurdere og bruke ulike undervisningsmetodar i lese- og skriveopplæringa og skriftforming frå 1. til 7. trinn, både for elevar med norsk som førstespråk og andrespråk, og for elevar som skriv på bokmål og elevar som skriv på nynorsk
  • kan bruke kunnskap om kva som kjenneteiknar ulike tekstar for barn og unge i arbeid med munnlege, skriftlege og multimodale tekstar i ulike medium
  • kan kartlegge og vurdere lese- og skriveferdigheiter og gi læringsfremjande respons til alle elevar
  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere samtaler i klasserommet
  • kan bruke ulike former for vurdering som ein reiskap for elevane sin læringsprosess
  • kan leggje til rette for at elevar les ulike typar tekstar i tradisjonelle og moderne medium, utviklar leselyst og gode lesestrategiar og blir stimulerte til vidare lesing
  • kan reflektere over kvalitet i tekstar og bruksområde og leggje til rette for, gjennomføre og vurdere samtaler om litteratur
  • kan analysere og tolke ulike typar tekstar og formidle litteratur på varierte måtar
  • kan kjenne att teikn på lese-, skrive- og språkvanskar
  • kan vurdere ulike norskfaglege læringsressursar kan vurdere ulike typar norskfaglege læremiddel ut frå ulike kriterium og ut frå læringsutbytet til elevane
  • kan ta i bruk ulike digitale verktøy i norskopplæringa og skape og vurdere multimodale tekstar
  • meistrar begge målformer skriftleg og kan undervise elevar i desse.

 

Generell kompetanse

Studenten

  • har erfaring med analyse og arbeid med læreplanen i faget og innhaldet i den pågåande fagfornyinga.
  • kan nytte læreplanen for å formulere mål for og vurdering av opplæringa
  • er ein sikker munnleg språkbrukar og stø i skriftleg bokmål og nynorsk
  • kan nytte faglege kunnskapar til kritisk og konstruktiv refleksjon og nytte denne kunnskapen til å tilpasse opplæringa for elevane
  • kan arbeide sjølvstendig, og saman med andre, med elevars læring og utvikling i faget og på tvers av fag
  • kan reflektere over kva den digitale utviklinga betyr for innhaldet i faget og arbeidsmetodar i skulen
  • kan tilpassa undervisninga til elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter i norsk
  • kan leggje til rette for at arbeidet med språk og litteratur kan styrke identiteten til elevane og oppmode dei til aktiv deltaking i det offentlege liv

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Tilbodet er ein del av satsinga Kompetanse for kvalitet. Studiet av modul 2 går over eitt semester, og er eit reint nettstudium. Me brukar læringsplattforma Canvas og nettkonferanseverktøyet Zoom.

Gjennom undervisinga i emnet skal studentane vere både mottakarar, aktive deltakarar, meiningsfellar/dialogpartnarar og rettleiarar for medstudentar. Dei skal òg prøve ut undervising i eigne klasserom. Det er difor lagt opp til varierte arbeidsformer. Arbeidsformene kan vere forelesingar, rettleiingar, studentframlegg, diskusjonar i videoverktøy eller på ei digital læringsplattform, utveksling av røynsler og arbeid i større og mindre grupper.

Studiet stiller krav til den enkelte student om sjølvstendig arbeid og aktiv tilnærming til problemstillingar, i tillegg til at ein aktivt søkjer kunnskapsutvikling og samarbeider med andre studentar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Det er fire læringsaktivitetar i emnet, både individuelle og gruppearbeid. Begge målformer skal nyttast i læringsaktivitetane. Læringsaktivitetane skal ha utgangspunkt i utvikling av eigen praksis, og minst eitt av desse skal handle om pedagogisk bruk av IKT i lese- og skriveopplæringa. Kollegarespons står sentralt.

Vurderingsform

  • Skrivemappe med to individuelle tekstar, ein på bokmål og ein på nynorsk. Vekting: 60 %
  • Videoinnlevering i studiegruppe. Vekting: 40 %

Bokstavkarakter A-F.

Dersom ein del av eksamen ikkje er greidd, tek ein ny eksamen i den delen.

Ved stryk på mappe, skal omarbeidd tekst leverast.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel