OR6-403 Leiing og endring i organisasjonar
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Emnet gjev ei innføring i eit utval problemstillingar og tema som er relevante for alle organisasjonar og organisasjonstypar. Relevansen for eigen organisasjon skal synleggjerast gjennom studentane si praktiske tilnærming til lærestoffet. Grunnleggjande tema og problemstillingar er: perspektiv på organisasjonar, særtrekk ved offentlege organisasjonar, reformer i organisasjonar og organisasjonar som ramme for leiing.
Læringsutbytte
Læringsutbytte
Etter avslutta emne skal studentane ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
- Ha inngåande kunnskap om ulike perspektiv på organisasjon og leiing
- Ha avansert kunnskap om særtrekk ved offentleg leiing
- Ha innsikt i korleis reformer i offentleg sektor påverkar idear om leiing og organisering
Ferdigheiter
- Kan nytte fleire perspektiv på organisering for å analysere komplekse leiarutfordringar
- Kan kritisk vurdere ulike teoriar om leiing og forstå korleis særtrekk ved offentlege organisasjonar utgjer rammer for utøving av leiing
- Kan formulere sjølvstendige faglege resonnement om korleis reformer i offentleg sektor påverkar idear om organisering
- Kan bruke relevante teoriar for å identifisere kva type leiingsideal som dominerer i eigen organisasjon og korleis organisasjonar legg føringar for endringsaktivitetar
Generell kompetanse
- Evne til å anvende teoretiske omgrep og perspektiv på problemstillingar i eigen organisasjon
- Kan nytte tileigna kunnskapar og ferdigheiter til endrings- og utviklingsarbeid i organisasjonar
Krav til forkunnskapar
Sjå generelle opptakskrav i studieplanen.
Undervisnings- og læringsformer
Deltakarane sine erfaringar og eksisterande organisasjonsforståing skal bli utfordra gjennom arbeid med relevant teori og alternative perspektiv. På samlingane vekslar ein mellom førelesingar, øvingar og diskusjonar.
Obligatorisk læringsaktivitet
A-krav nr. 1 a, : Eigenpresentasjon: Målformulerande dokument der studenten gjev greie for forventningar og mål for emnet og studiet.
A-krav nr. 1b: Delta i munnleg presentasjon av gruppearbeid om organisasjonsanalyse.
Vurderingsform
Semesteroppgåve
Semesteroppgåve der eit organisasjonsproblem eller ei utfordring på eigen arbeidsplass blir drøfta ut frå pensum. Innleveringsfristen og andre formelle krav til innleveringa blir gjort kjend av faglærar. Arbeidet kan vere individuelt, eller i gruppe på 2 studentar. Rettleiande vil eit individuelt arbeid vere på inntil 4000 ord (ca 10 sider), medan eit gruppearbeid vil innehalde inntil 20 sider (ca. 8000 ord).
Bokstavkarakter A - F der F er "ikkje greidd"
Ved stryk eller gyldig fråvær kan omarbeidd tekst bli levert inn til ny vurdering i det påfølgjande semesteret. Ved ynskje om forbetring av karakteren kan omarbeidd tekst bli levert inn neste gong ordinær eksamen vert arrangert (neste haust). Kandidaten melder seg då til vurdering i emnet igjen innanfor dei sette fristane for vurderingsmelding.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatne.
Meir om hjelpemiddel