PHD914 Kroppsleg danning
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Emnet er ein valfri del av PhD-studiet: Studiar av danning og didaktiske praksisar. Det er retta mot studentar som ønskjer ei vidare fordjuping i teoretiske perspektiv relatert til kroppsleg danning og dette fenomenets betydning for didaktiske praksisar.
Dei teoretiske perspektiva i emnet har opphav både i idehistoriske, fenomenologiske og sosiokulturelle tekstar. Sentralt i emnet står perspektiv som tar opp «Menneskeliv og danning gjennom kroppen». Det handlar om prosesser som fungerer som formande for menneske og korleis menneske er med på å forma seg sjølv og omverda.
Ein sentral dimensjon i emnet er å tenkje kritisk om korleis ulike perspektiv om kropp, bevegelse og kosthald blir forstått, operasjonalisert og erfart i ulike didaktiske praksisar der fagspesifikke problemstillingar høyrer heime.
Emnet er ramma inn av ulike perspektiv på kroppens betydning for forsking om danning og didaktikk innanfor fagområde som folkehelse, friluftsliv, utdanning og trening. Emnet legg til rette for at deltakarar frå ulike fagområda kan utforske omgrep, praksisar og vitskaplege tradisjonar, og trekke dette inn i ein debatt om danning. Det skal óg gje deltakarane i emnet rom til å utvikle eit sjølvstendig og kritisk perspektiv på didaktiske praksisar der kropp, bevegelse eller kosthald står sentralt.
Læringsutbytte
Etter gjennomført emne har studenten følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskap
Kandidaten
- har inngåande kunnskap om korleis perspektiv i eige forskings- og utviklingsarbeid kan omhandle kroppsleg danning
- kan bidra til utvikling av ny kunnskap, nye teoriar, metodar, tolkingar og dokumentasjonsformer i faglege samanhengar som kan brukast i forsking om folkehelse, friluftsliv, utdanning eller trening.
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan formulere problemstillingar, planlegge og gjennomføre forskings- og utviklingsarbeid om emnets tematikk
- kan drøfte og analysere materiale som omhandler emnets innhald
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan identifisere og analysere relevante etiske problemstillingar som gjeld kunnskapsutviklinga i eige fag i eit tverrfagleg danningsperspektiv.
- kan drøfte og formidle fagstoff om folkehelse, utdanning eller trening til allmenta, studentar eller til fagfelle gjennom etablerte nasjonale og internasjonale kanalar.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Undervisninga i emnet føregår vanlegvis over eitt semester. Den kan også gjennomførast over ein kortare og meir intensiv periode for å gjera det aktuelt for studentar frå andre institusjonar å delta. Førelesingar, seminar, rettleiing og verkstader er lagt opp med studenten som aktiv deltakande. Det er lagt opp til at studentane skal presentere litteratur og ha mindre framlegg om eige PhD-prosjekt og sjølvvalt faglitteratur som er relevant for emnet.
Obligatorisk læringsaktivitet
Munnleg presentasjon av utkast til kort vitskapleg tekst.
Arbeidskrav blir vurdert som godkjent/ikkje godkjent.
Vurderingsform
Kandidatane skal skriva ein vitskapleg tekst på mellom 3000 og 3500 ord som er knytt til sentrale problemstillingar i emnelitteratur og eige PhD-prosjekt.
Karakterskala: greidd/ikkje greidd.
Vurderinga blir gjort av intern og ekstern sensor i tråd med læringsutbytteskildringar i emnet.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel