PL416 Landskapsanalyse
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Introduksjon av omgrepet landskap og kunnskap om landskapskonvensjonen. Analyse av eit landskap etter metoden til Miljødirektoratet og Riksantikvaren. Dette inneber registrering av naturtilhøve, inkludert geologi, terreng, klima og vegetasjon, samt arealbruk og busetnad, historiske tilhøve, kulturelle referansar og visuelle tilhøve, og bruk av dette til å fastsetje landskapskarakter og verdien til landskapet. Vidare vurderer ein konsekvens av ulike tiltak på landskapskarakter.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten skal:
- kjenne ulike bruksmåtar av ordet landskap.
- kjenne til landskapskonvensjonen.
- forstå betydninga av landskapskarakterar og landskapet sin verdi.
Ferdigheiter
Studenten skal:
- kunne samle informasjon om landskapet gjennom eigne observasjonar, innhente informasjon frå ulike kjelder, og trekke ut relevant informasjon.
- kunne legge fram ein analyse skriftleg og visuelt (med bruk av kart og bilete), samt forklare den munnleg.
Generell kompetanse
Studenten skal:
- kunne gjennomføre ein heilskapleg analyse av eit landskap, kor landskapskarakter og landskapet sin verdi vert bestemt ut frå eigenskapar ved staden.
- kunne drøfte problem med objektivitet i analyse av landskapet.
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar. Lærarassistert arbeid med landskapsanalyse av eit konkret område (i grupper). Eiga innsamling av informasjon frå skriftlege og munnlege kjelder, og observasjonar i felt.
Obligatorisk læringsaktivitet
Godkjent individuell skriftleg innlevering av første tema i fase II av landskapsanalysen
Deltaking i 1-2 synfaringar i analyseområdet
Vurderingsform
Skriftleg prosjektoppgåve i grupper på 3-4 studentar.
Ved stryk og forbetring av karakter, må ny oppgåve løysast.
Karakterskala: A-F
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel