PL433 Innføring i arealplanlegging
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Innføring i kommunal planlegging etter plan- og bygningslova, med vekt på kommuneplanen sin arealdel og reguleringsplanlegging.
Innhaldet i emnet omfattar:
- Krav til innhald og prosess for kommuneplanen sin arealdel (KPA) og reguleringsplanar.
- Konsekvensutgreiing og ROS-analyser, med hovudvekt på arealdelen.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten skal ha grunnleggande kunnskap om:
- plansystemet og krav til planinnhald og utgreiingar (del av plan- og bygningslova).
- krava til planprosessar for ulike plannivå.
- sentrale problemstillingar i både kommunal og privat reguleringsplanlegging.
Ferdigheiter
Studenten skal:
- Kunne finne grunnlagsmateriale og gjennomføre overordna analyser.
- Ha eit godt grunnlag til å kunne lage faglege innspel til planprosessar.
- Kunne utføre forenkla ROS-analyse og konsekvensutgreiingar på kommuneplannivå.
Generell kompetanse
Studenten skal:
- Forstå, vurdere og bruke kommuneplanar og reguleringsplanar.
- Kunne delta i planprosessar.
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen krav til forkunnskap
Undervisnings- og læringsformer
Forelesingar og øvingsoppgåver
Obligatorisk læringsaktivitet
Individuell eller gruppeoppgåve (med to i gruppa). Studentane skal hente ut og tolke informasjon frå planar og planprosessar for eit sjølvvald studieområde og gjere enkle analyser.
Godkjent arbeidskrav er ein føresetnad for å kunne gå opp til eksamen.
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen, 4 timar.
Karakterskala: A-F.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel