PL471 Kulturmiljøforvaltning
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Historisk utvikling av kulturlandskapet i Norge frå siste istid og fram til historisk tid. Primærnæringar og struktur (råvarer, foredling, driftsteknikkar, reiskapsbruk). Presentasjon av kulturminne knytte til religion, samferdsle, jakt, fangst, forsvar m.m. Bygningar og byggjeskikk, konkrete element. Nyare tids kulturminne. Forvaltning etter «Lov om kulturminne»
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten skal:
- ha kunnskap om ulike faste og lause kulturminne som grunnlag for forvaltning.
- ha kunnskap om utviklingstrekk i norsk byggjeskikk.
- ha kunnskap om kulturpåverknaden i landskapet og den historiske utviklinga av kulturlandskapet.
- kunne hovudtrekka i norsk kulturminneforvaltning.
- ha kunnskap om sentrale kulturminnedatabasar.
Ferdigheiter
Studenten skal:
- kunne påvise automatisk verna kulturminne.
- kunne bruke databasar til å innhente opplysningar om registrerte kulturminne.
- kunne utøving av basal kulturminneforvaltning.
Generell kompetanse
Studenten skal:
- kunne løyse relevante problemstillingar i faget.
- kunne formidle sentralt fagstoff, både skriftleg og munnleg.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesningar, videopresentasjonar, ekskursjonar og gruppeoppgåve (case-study) med presentasjon.
Obligatorisk læringsaktivitet
Godkjent skriftleg gruppeoppgåve med munnleg framføring
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen, 4 timar.
Karakterskala: A-F.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel