Hopp til innhald

PS1-302 Organisering av tenesta på individ og systemnivå i psykisk helsearbeid

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Brukarmedverknad og individuell plan i psykisk helsearbeid

Samhandling; mellom pasient, pårørande og hjelpeapparatet, mellom spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta

Familien sin situasjon når ein i familien har psykiske helseproblem/rusproblem

Nyskaping, innovasjon og tenesteutvikling

Lovverk (lov om psykisk helsevern, lov om spesialisthelseteneste og lov om helsepersonell, lov om kommunale helse og omsorgstenester, lov om personopplysning, lov om pasient- og brukarrettar)

Etikk og etiske perspektiv på samhandling i psykisk helsearbeid

Historie i psykisk helsevern

Psykisk helsearbeid og rusarbeid og politiske føringar

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne har følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse. 

Kunnskap:
Studenten...

  • har avansert kunnskap om brukar sine rettar og psykisk helsearbeidar sine plikter.
  • har inngåande kunnskap om andre faggrupper sin kompetanse i eit forpliktande samarbeid

Ferdigheiter:
Studenten...

  • kan nytte relevante teoriar om samhandling på individ og systemnivå på ein sjølvstendig måte
  • kan analysere faktorar som fremmar og hemmar tverrfagleg samarbeid
  • kan nytte kunnskap om lovverk, politiske føringar og teori om brukarmedverknad og individuell plan på ein sjølvstendig måte
  • kan nytte anerkjent kunnskap om brukarmedverknad og organisering av tenestetilbodet i psykisk helsearbeid på ein sjølvstendig måte

Generell kompetanse:
Studenten...

  • kan nytte kunnskap om lovverk, politiske føringar og teori og bidra til brukarmedverknad på ein sjølvstendig måte
  • kan identifisere politiske føringar og rammeverk for fagområdet og kunne greie ut korleis desse påverkar praksis i fagfeltet
  • kan anvende kunnskap om organisering av tenestetilbodet og bidra til nytenking og innovasjon i psykisk helsearbeid
  • kan dokumentere og formidle behov for psykiske helseteneste og brukarmedverknad på ein sjølvstendig måte

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, oppgåveskriving individuelt og i gruppe, prosjektarbeid, kollokviegrupper, rettleiingsgrupper, seminar med diskusjonar og sjølvstudium. Studentane må ha tilgang til internett.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende før studenten kan framstille seg for sluttvurdering:

1. Minst 80 % deltaking av presentasjon av prosjektarbeid i grupper.

2. Minst 80 % deltaking i rettleiingsgruppe (3 timar).

Vurderingsform

Oppgåve

Studentane arbeider i grupper med eit prosjektarbeid (inntil 3500 ord) der dei kritisk skal vurdere og reflektere over brukar og pårørande sin medverknad og innflytelse i tenestenivå. Maks fem studentar i kvar gruppe.

Alle deltakarane i gruppa skal bidra til eit felles produkt. Oppstår det tvil om ein eksamenskandidat bidreg eller har bidrege tilstrekkeleg til å få utteljing for eit felles produkt skal det hentast inn skriftleg individuell fråsegn frå alle gruppemedlemene og fagleg rettleiar eller emneansvarleg. Høgskulen kan gjere vedtak om at eksamenskandidaten skal reknast for ikkje å ha møtt under eksamen.

Vurderingsuttrykk
Bestått/ ikkje bestått.

Ny eksamen
Ved ikkje bestått eksamen må gruppa skrive ei ny oppgåve.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel