PSNA401 Pedagogisk leiing og natur som danningsarena
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Emneplanen bygger på Nasjonale retningslinjer for barnehagelærarutdanning og emnet er ei fordjuping i bachelorstudiet Arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning. Studiet er lagt til haust- og vårsemesteret fjerde studieår. Kunnskapsbasen bygger i hovudsak på faga naturfag, fysisk fostring og pedagogikk.
Emnet er basert på undervisning med praktisk arbeid ute, seminargrupper, sjølvstudium og førelesing. Undervisninga er forskingsbasert og profesjonsretta der overordna fokus er småbarnspedagogikk og barn si utvikling i ulike naturmiljø. Praksis inngår som ein integrert del av emnet.
Studenten bør så langt det lar seg gjera arbeide med dei yngste i barnehagen.
Det overordna målet med emnet er at studentane tileignar seg omfattande kunnskap om følgande tema:
- Pedagogisk leiing og kritisk refleksjon
- Småbarnpedagogikk
- Friluftsliv og ulike naturmiljø som læringsarena for dei yngste
- Utvikling mot ein berekraftig organisasjon
- Helse og livsmeistring
Læringsutbytte
Kunnskapar
Studenten:
- skal ha kunnskap om den lærande organisasjon og korleis ein kan utvikle denne gjennom pedagogisk leiing og pedagogisk dokumentasjon
- skal ha kunnskap om og med dei yngste barna i barnehagen, barns medverknad, demokrati og didaktisk arbeid
- skal ha kunnskap om korleis ein kan stimulere til barns undring, nysgjerrigheit, meistring, leik, utvikling og læring i ulike læringsmiljø
- skal ha kunnskap om tilknyting, helsefremmande arbeid og livsmeistring
- skal ha kunnskap knytt til småbarns motorikk, sosial kompetanse og sansestimmulering
- skal ha kunnskap om pedagogisk friluftsliv, mat og måltid og korleis ein kan bruke barnehagekvardagen for å fremme berekraftig utvikling
Ferdigheiter
Studenten:
- kan leie og utvikle prosjekt og aktivitetar i samarbeid med barn og personalet i barnehagekvardagen
- kan fagleg diskutera dei yngste barna sin veremåte, korleis dei kan medverke i barnehagekvardagen og kritisk vurdere deira læringsmiljø
- kan observere, analysere, planlegge, gjennomføre og evaluere tverrfaglege natur- og friluftsaktivitetar, som fremmar barn sin meistring, nysgjerrigheit og oppdagarglede
- kan bruke naturen som ein ressurs til leik og læring, og lage mat i og frå naturen
Generell kompetanse
Studenten:
- kan leie pedagogisk arbeid og rettleia sine medarbeidarar
- kan kritisk vurdere og reflektere over eige bidrag i samspel med barn og personale med tanke på å være ein god rollemodell
- kan utøva profesjonelt skjønn og kritisk reflektera fagleg over praktiske og teoretiske problemstillingar knytt til dei yngste barna i barnehagen
- skal kunne vurdere og ta i bruk relevant forsking i barnehagen
Krav til forkunnskapar
Bestått alle emne første og andre studieår og praksis 3. år
Tilrådde forkunnskapar
LSU
Undervisnings- og læringsformer
Undervisninga vil bli gitt gjennom førelesingar, praktiske-metodiske og studentaktive læringsformer. Dette kan vera refleksjons- og drøftingsarbeid i grupper, rettleiing, seminararbeid og utvikling av praktiske prosjekt.
Canvas er HVL si digitale læringsplattform og det ligg som ein premiss at studentane bruker denne plattforma aktivt.
Praksis
Vidareutvikling av profesjonsretta kompetanse.
Studenten skal fokusere både på eigen yrkesidentitet og barnehagen sitt samfunnsmandat og kunne reflektere over dette. Studenten skal:
- auke si generelle pedagogiske leiarkompetanse
- stå fram som barnehagelærar og kunne reflektera rundt ulike sider ved profesjonsutøvinga generelt og fordjupinga spesielt
Obligatorisk læringsaktivitet
Mykje av undervisninga er obligatorisk. Alle obligatoriske læringsaktivitetar blir nærare presisert ved semesterstart og vert knytt til læringsutbytta i emnet. Frammøte og deltaking i desse læringsaktivitetane er å rekna som godkjend, og fråvær vert rekna som ikkje godkjend.
Obligatoriske læringsaktivitetar:
- Ekskursjon knytt til læringsmåla:
Studenten skal ha kunnskap om korleis ein kan stimulere til barns undring, nysgjerrigheit, meistring, leik, utvikling og læring i ulike læringsmiljø
Studenten skal kunne bruke naturen som ein ressurs til leik og læring, og lage mat i og frå naturen
- Ei individuelt oppgåve knytt til læringsmålet:
Studenten skal kunne observere, analysere, planlegge, gjennomføre og evaluere tverrfaglege natur- og friluftsaktivitetar, som fremmar barn sin meistring, nysgjerrigheit og oppdagarglede
Kan leie pedagogisk arbeid og rettleia sine medarbeidarar
- Ei oppgåve i gruppe knytt til læringsmålet:
Studenten skal ha kunnskap om og med dei yngste barna i barnehagen, barns medverknad, demokrati og didaktisk arbeid
Obligatoriske læringsaktivitetar blir vurdert som godkjent / ikkje godkjent. Dei må være levert / gjennomført til fastsett innleveringsfrist for at det skal bli vurdert. Dersom ein av dei ikkje blir godkjent, får studenten ein (1) moglegheit til ny innlevering / gjennomføring innanfor ordinært studieforløp i emnet. Nytt forsøk må være avvikla seinast 3 veker før eksamen startar.
Vurderingsform
Munnleg eksamen, individuell, 30 minutt.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Eigne notater til presentasjon
Meir om hjelpemiddel