RE6-2006 Praksis i ei reiselivsbedrift
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Praksisdelen skal legge til rette for at studenten skal få innsikt i og kunnskap om det daglege arbeidet i reiselivsverksemder. Gjennom autentiske arbeidsoppgåver, refleksjon og rettleiing skal studentane tileigne seg forståing for metodar, problemstillingar, prosessar og verktøy i arbeidslivet tilknytta reiseliv. Emnet skal bidra til at studentane får reflektere over teorien dei har tileigna seg i løpet av dei føregåande semestr og eventuelle sentrale problemstillingar i bransjen.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten skal
- Ha brei kunnskap om sentrale problemstillingar, tema, teoriar, metodar og verktøy innan drift av reiselivsbedrifter
- Tileigne seg kunnskap om forskings- og utviklingsarbeid innan generell drift av reiselivsbedrifter.
- Tileigne seg kunnskap om historia, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet til praksis.
- Tileigne seg kunnskap om bruk av teori og metode gjennom praktisk anvendelse i ei bedrift.
- Tileigne seg kunnskap kring praktisk drift av ei reiselivsbedrift eller reiselivsorganisasjon
- Tileigne seg kunnskap om samanhengen mellom forskjellige fag i studiet og korleis desse vert brukt i ei bedrift
- innan det valte fagområde tileigne seg kunnskapar om sentrale tema, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar i bruk
Ferdigheiter
Studenten skal kunne
- Bruke fagleg kunnskap og teori på praktiske problemstillingar og løyse desse på best mogleg måte
- Reflektere over eigen fagleg gjennomføring og justere denne i høve rettleiing.
- Finne, vurderer og vise til informasjon og fagstoff som tek opp og løyser problemstillingar innan generell drift av ei reiselivsbedrift.
- Beherske relevante verktøy, teknikkar og uttrykksformer innan drift av ei reiselivsbedrift
- Vere i stand til å utføre arbeidsoppgåver innan det valte praksisområdet
Generell kompetanse:
Studenten har:
- innsikt i krav og retningslinjer i arbeidslivet
- evne til å stille faglege spørsmål som kan bidra til vidareutvikling av bedrifta
- evne til å kommunisere og samarbeide med involverte partar i og utanfor verksemda
- sett nytten av og blitt inspirert til å halde seg fagleg oppdatert
- evne til å planlegge og løyse faglege oppgåver sjølvstendig
- innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar
Krav til forkunnskapar
RE6-1000 Reiselivskunnskap
Undervisnings- og læringsformer
I praksisperioden skal studenten delta aktivt med avtalte arbeidsoppgåver, samarbeide med praksisrettleiar og andre i verksemda og halde kontakt med fagleg rettleiar i institusjonen. Studenten skal gjennom praksisperioden legge grunnlag for utarbeiding av praksisrapport gjennom notat/logg/dokument frå bedrift. Studenten må sette seg inn i relevant litteratur og nytte dette i praksisperioden.
Obligatorisk læringsaktivitet
Inntil 3 arbeidskrav:
1: Deltaking på bransjeseminar og serviceseminar i vårsemesteret før praksis
2: Praksis i bedrift/organisasjon.
- Omfang om lag 150 timar som tilsvarer 1 månad vanlig arbeidstid.
- Praksisen utgjer 4 fulle arbeidsveker (37,5 t per veke) og verksemda må stadfesta at studenten har fullført praksisen.
3: Munnleg presentasjon av erfaringar fra praksis
Vurderingsform
Mappe som inneheld individuell praksisrapport.
Karakter: Bestått/ikkje bestått