RP5-400 Rusproblematikk - ulike perspektiv i forståinga av rus
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Emnet gir ein introduksjon til fleire teoretiske perspektiv på rus og avhengighet. Samfunnsvitskaplege tilnærmingar utgjer grunnlaget for emnet, men også psykologisk og biomedisinsk kunnskap blir omhandla, ikkje minst i ei problematisering av korleis desse ulike tilnærmingane står i høve til kvarandre. Rusmiddelbruk og rusvanskar vert undersøkt som sosiale, kulturelle og kroppslege fenomen, og både psykologiske, sosiologiske, kulturelle, juridiske og fysiologiske perspektiv vert presentert. Rusmiddelbruken vert også diskutert utifrå eit folkehelseperspektiv og sett i samanheng med rusførebyggjande strategiar.
Forståinga av rus og rusproblematikk er prega av ulikt syn på røyndom og kunnskap innafor feltet, og emnet skal gi studentane bakgrunn for å identifisere ulike grunnhaldningar, inkludert utfordre eigne haldningar. Emnet omhandler spørsmål som: Kva er avhengigheit? Korleis forstå tilbakefall? Emnet gir studentane kunnskap om perspektiva som er sentrale i forsking og i praktisk arbeid med rusrelaterte vanskar, men prøvar også å tematisere særskilt dei teoretiske spenningane som finst i feltet.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.
Kunnskap:
Studenten...
- har avansert kunnskap om avhengigheit som eit kroppsleg, sosialt og kulturelt fenomen
- har inngåande kunnskap om ulike perspektiv på avhengigheit
- har inngåande kunnskap om rusmiddelbruk og rusrelaterte vanskar på individ og samfunnsnivå
Ferdigheiter:
Studenten...
- kan analysere eiga praktisk erfaring og empirisk kunnskap i lys av ulike teoretiske tilnærmingar
- kan relatere ulike teoriar om avhengighet og rusvanskar til kvarandre og gjere dei relevante i forhold til problemstillingar henta frå praksis eller empirisk forsking
Generell kompetanse:
Studenten...
- kan reflektere kritisk over ulike forståinger og egne holdninger til rusproblem og behandling.
- kan formidle og diskutere rusfaglege problemstillingar, særleg med grunnlag i sosialfaglege og samfunnsvitskaplege tilnærmingar
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, diskusjonar, seminar og rettleiing i gruppe. Det blir forventa at studentane driv sjølvstudium mellom samlingane.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgande obligatoriske læringsaktiviteter må vere godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:
1: Til stades minimum 80 % i veiledningsgrupper
2: Individuelt framlegg på seminar i grupper, 20 minuttars varigheit.
Obligatoriske læringsaktiviteter er gyldige til emnet går ordinært neste semester.
Vurderingsform
Oppgåve
Semesteroppgåve på 4000 ord (+/- 400 ord).
Vurderingsuttrykk
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Ny eksamen
Går føre seg som ordinær eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel