Hopp til innhald

SA584 Ungdom og ulikskap

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Unge blir i ulik grad prega av sosiale, kulturelle og økonomiske problem. Stundom blir ungdom klandra for å ikkje leve opp til forventningane frå vaksenverda; dei undergrev etablerte ordningar, er mot- eller subkulturelt orienterte, og er meir interesserte i fritidsaktivitetar enn i utdanning, opplæring og arbeid. I eit globalt perspektiv kan ein derimot sjå at mange unge må handtere høg risiko for sosial, kulturell og økonomisk utestenging, medan andre kan glede seg over eit svært rikt liv med høg utdanning, godt lønna fulltidsarbeid og høve til mykje fritid. Mot denne bakgrunnen er kjernen av emnet å dyrke fram ei forståing av ulikskap og marginalisering mellom ungdom. Studentane blir introduserte for tema og analysar som står sentralt i den sosiologiske fagtradisjonen som omhandlar ulikskap. Emnet arbeider med teori og empiriske undersøkingar som drøftar korleis ulikskap og utanforskap kan oppstå i familieliv og nære relasjonar og i skule, arbeid og sivilsamfunnet generelt. Sosial klasse, kjønn, etnisitet, by-land og det globale nord-sør er viktige ulikskapsproduserande dimensjonar som blir drøfta i emnet 

Læringsutbytte

Etter fullført emne

Kunnskapar

  • har studenten brei kunnskap om sentrale omgrep og teoriar om sosial ulikskap, marginalisering, tilpassing og kulturell motstand
  • har studenten kunnskap og forståing for korleis moderniseringsprosessar på makronivå kan bidra til marginaliseringsprosessar på mikronivå
  • har studenten kunnskap og forståing for korleis familieforhold, klasse, etnisitet, kjønn og lokale oppvekstforhold kan påverke marginaliserings- og integreringsprosessar

Ferdigheiter

  • kan studenten finne, vurdere og vise til problemstillingar om sosial ulikskap, marginalisering og kulturell motstand med grunnlag i relevant forskingslitteratur
  • kan studenten nytte faglege bidrag om emna sosial ulikskap, marginalisering, subkultur og kulturell motstand til å skrive resonnerande tekstar

Generell kompetanse

  • har studenten innsikt i sosio-kulturelle og økonomiske prosessar som fører ungdom inn i ulike liv
  • kan studenten utveksle synspunkt på ungdomsfasen i samtida, og formidle faglege synsmåtar på emne som rører ved denne fasen
  • har studenten kompetanse til å tenkje analytisk og kritisk om politikk retta mot ungdom

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

30 studiepoeng i sosiologiske emne.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, seminarundervisning, skriftleg arbeid, rettleiing og sjølvstudium. Studentane skal aleine eller to og to gjennomføre ein 15 minuttars presentasjon av ein tekst frå litteraturlista (sjå obligatoriske læringsaktivitetar). Regelmessig oppmøte og aktiv deltaking blir forventa. 

Obligatorisk læringsaktivitet

 Deltaking på minst 4 seminar, med bidrag til gruppevis oppgåveløysing og presentasjon. 

Vurderingsform

Ei skriftleg oppgåve til mappe, vekting 50%. Munnleg eksamen, vekting 50%. Bokstavkarakter.

Oppgåve til mappe: Studentane skal skrive ei oppgåve (3000 ord) og får felles og/ eller individuell rettleiing på denne.

Ein tek opp att den delen ein eventuelt stryk i. Ved stryk på mappe skal omarbeidd oppgåve leverast.  Ved stryk på andre forsøk, må oppgåve med ny problemstilling leverast. 

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel tillatne ved skriving av mappeoppgåve.

Ingen hjelpemiddel tillatne ved munnleg eksamen.

Meir om hjelpemiddel